INNKJØP

Heisann! No sit eg nydusja i senga etter ei relativt grei styrkeøkt. Eg vart faktisk litt kvalm på trening i dag, trur kanskje eg har drukke for lite vatn. Ikkje bra. Hatar å vere sjuk; det har eg ikkje tid til. På søndag til i dag har eg vore på besøk med familien på Hareid. I går fekk eg sjarmert med meg bestemor og bestefar på moa, slik at eg fekk shoppa litt. Det var ikkje så mykje eg kjøpte, men heller ting eg trengte. Og nokre bursdagsgåver, så dei kan eg såklart ikkje vise. Eg klarte faktisk å gløyme lommeboka mi hos Runa. Hahha, er det mogleg? Kanskje ein lur måte å spare pengar på, då!


Kjøpte nokre questbarar i smakar eg ikkje har prøvd før. Åt den med kanelbollesmak i dag. Heilt ærleg synes eg ikkje den var så god, men no veit eg det i alle fall.


Herremann, i oktober mista eg øyreproppene mine, og det har gått kraftig utover jogginga mi. Det er så sjukt stor forskjell på å jogge med og uten musikk. Men no har eg endeleg fått meg nokre nye, så no blir det springing i gården! Eg kjøpte desse frå merket urbanista. Skulle eigentleg kjøpe frå apple, slike som eg hadde før, men dei kosta 349kr! Det gadda eg ikkje å bruke, så desse kosta berre 199kr.


Mollybukser frå ginatricot. Trengte serisøst nye jeans, hadde éi stram brukbar bukse. Så no fekk eg fylt på med det iallfall. Kosta 299kr per stk.


Ny treningstskjorte frå Frank Shorter på tilbod til 50kr! Kjøpte ho utan å prøve, men brukte den på trening i dag, og den satt som eit skot!

Kva synes du?

Én kommentar

Henriette Celin

29.12.2015 kl.20:50

Så mange flotte kjøp! og liker godt de Quest barene :-D

god bedring til deg, og håper det bare var vann mangel <3

Skriv en ny kommentar


bilde bilde bilde bilde
- FØLG MEG -



- DAGNY SUNDE - 1998 -

Trening, sosialisering, piano, fotografering

Kontakt:
dagny_selma@hotmail.com

Legg gjerne igjen ein kommentar, så tar eg ein tur innom din blogg!



LEGG MEG TIL SOM VENN!

























hits