Helga mi gjennom mobilen

Fredag - Dagen starta med ei morgonøkt på aktiv saman med Mariel. Eg elskar morgonøktene før skulen på fredagar!

Etter skulen var tida inne for å reise til Ingeborg på Sandane i bursdagsselskap. Christianne tok følgje med meg og Ingvild, sidan ho skulle til Førde.


I løpet av kvelden vart det tatt ein del selfiar, nokre betre enn andre. Det var ein kveld med både mange kjente og nye ansikt. Ein veldig kjekk kveld. Her ser dokke også resultatet av då Hilde slo med på låret av raseri då vi kom på andre plass på quizen.

Laurdag - Eg tok bussen frå Sandane om morgonen, og drog rett på jobb. Etter jobb drog eg og Kristina på ei effektiv treningsøkt. På vegen heim tok eg turen innom coop og handla sminke for 405kr, hahaha, kanskje eg skal vise det her? Vart eigentleg ganske nøgd. Då eg kom heim starta eg å fikse meg for bursdag til Charlotte. Det var ein veldig artig kveld, med masse god mat og gode samtalar.

Då vi skulle heim, hadde vi ikkje fått metta behovet for sosioalisering. Difor overnatta eg og Kristina hos Elisabeth. Vi sovna ikkje før klokka var over fire. Hehe.

Søndag - Eg vakna opp med all sminka frå kvelden før, som overraskane nok var nesten like fin. Etter morgonidyll med Elisabeth og Kristina drog eg og mamma på ukm. Så gjekk vi til mommo og beste og åt mamma sine fantastiske fastlavnsbollar. Resten av dagen gjekk til lekser, og eg prisa meg lukkeleg for at alle vekas treningsøkter var gjennomført.

Kva er det mest spanande du har gjort denne helga?

Én kommentar

Henriette Celin

08.02.2016 kl.12:42

For en fin og innholdsrik helg!

elsker morgen økter jeg også ^^

og så bra bursdagsfeiringen ble så vellykket.

Quiz er morro, hehe.

Vis gjerne den sminken ja :-D

Det mest spennende må være da jeg fikk venninne besøk i går og vi snakket i evigheter, før vi spiste fastelavensboller og spilte Super Mario på Wii x)

Skriv en ny kommentar


bilde bilde bilde bilde
- FØLG MEG -



- DAGNY SUNDE - 1998 -

Trening, sosialisering, piano, fotografering

Kontakt:
dagny_selma@hotmail.com

Legg gjerne igjen ein kommentar, så tar eg ein tur innom din blogg!



LEGG MEG TIL SOM VENN!

























hits