Fredag minutt for minutt

Hadde eit likt innlegg i starten av februar, og det var jo litt artig. Eg tenkte å ha det på fredag, men då skjedde det så mykje at eg ikkje rakk å poste det. Så då postar eg fredag minutt for minutt i dag!


Kl 09:00 - Eg var på plass på jobb for å jobbe ein time før skulen.


Kl 10:35 - 1. Eg var spennja klar for franskprøve, og hadde øvd kjempelite. Lurer veldig på korleis det gjekk eigentleg.
Kl 12:45 - 2. Supergøy økonomitime med, balnt andre, Elisabeth.


Kl 15:38 - Etter skulen drog eg og Kristoffer på trening. Eg hadde ei heftig biceps/triceps-økt på 1,5 time.


Kl 19:00 - Eg hadde fiksa meg, og så drog eg og såg på skulemusikalen saman med Rigmor og Charlotte. I år sette dei opp "Sweeney Todd", og det var heilt sinnsjukt bra. Vi har seriøst så mange flinke skodespelarar og songarar på trinnet og skulen vår! Eg er imponert.


Kl 22:20 - (eller noko sånt) Eg, Kristina, Charlotte og Elisabeth drog til Rigmor etter framsyninga. Dette er på veg ut.


Kl 02:15 - Stemningsrapport frå kvelden. Her testar eg og Kristina ut Rigmor si nye seng, medan katten speler poker. Eg tapte sjukt mykje.


Kl 03:03 - Endeleg kom eg meg i seng etter ein lang og kjekk dag.

Kva gjorde du på fredag?

Én kommentar

Henriette Celin

07.03.2016 kl.19:13

Gøy med slike innlegg, og forestilling ^^

Jeg hadde en styrke og Yoga økt, og så How to be single med pappa og søsteren min på fredag (:

Skriv en ny kommentar


bilde bilde bilde bilde
- FØLG MEG -



- DAGNY SUNDE - 1998 -

Trening, sosialisering, piano, fotografering

Kontakt:
dagny_selma@hotmail.com

Legg gjerne igjen ein kommentar, så tar eg ein tur innom din blogg!



LEGG MEG TIL SOM VENN!

























hits