Køyrer gjennom dagen

Haha, i dag hadde eg min første køyretime. Det var gøy. Først var eg eigentleg kjemperedd for å køyre på vegen (sidan eg nesten køyrte ned ordføraren forrige gong), men etter ei lita stund gjekk det heilt greit. Etterkvart følte eg at eg fekk det til mykje betre. No har eg køyrt berre tre gonger, men eg synes det er ganske kjekt. Gledar meg veldig til eg kjem til det punktet der alt med gir, clutch, gass og bremse vert automatisert. Då eg skulle sykle i stad, begynte eg å stresse med at eg måtte huske å gire opp.. Hehe, vakje heilt slik det funka på sykkel gætt.

Ellers har eg eigentrening på skulen for tida, og det går veldig fint. Vi har mange prøver, som ikkje går like fint. Men hey, snart påskeferie eller kva?;) Dei siste dagane har blogginga vore litt fråverande. Plutseleg gjekk eg litt tom for idear, men eg skal prøve å kome meg på beina igjen der.





No skal eg gjere litt økonomilekse (aldri velg det faget), før eg har kapra ein køyretime med tanta!

Har du begynt å øvekøyre? Eller har du kanskje lappen?

3 kommentarer

Tonje Gilje

29.02.2016 kl.18:26

Kjøre me pappa av og til <3 glede meg villt t lappen då

29.02.2016 kl.18:27

Hva kjørelærer har du?

Dagny Sunde

29.02.2016 kl.18:37

Anonym: John-Ingvald :) Har berre hatt éin time, som sagt, men synes det var veldig greit og hyggelig!

Skriv en ny kommentar


bilde bilde bilde bilde
- FØLG MEG -



- DAGNY SUNDE - 1998 -

Trening, sosialisering, piano, fotografering

Kontakt:
dagny_selma@hotmail.com

Legg gjerne igjen ein kommentar, så tar eg ein tur innom din blogg!



LEGG MEG TIL SOM VENN!

























hits