Når skal folk forstå at skulesystemet er utdatert?

Eg synes det er sinnsjukt at eit tal på eit ark skal bedømme kvar vi ender opp i livet. Det er noko seriøst gale med dagens skulesystem og måten vi blir dømt på ein skala frå 1 til 6 på. Er ikkje det sjukt? At andre menneske skal setje eit tal på kvalitetane dine? Vi ser saker på saker, innlegg på innlegg og meiningar på meiningar om nettopp dette temaet. Om kor dårleg det norske skulesystemet er.

Eksamen er det mest tullete, gamaldagse og urettferdige systemet vi har. Er du heldig og vert trekt opp til eksamen i eit fag du likar, så får du kanskje gullbilletten inn på det studiet du ville. Men dersom du vert trekt opp i eitt av dine svake fag, så er det kanskje akkurat nok til at snittet ditt blir 0,1 karakter for lavt til å utdanne deg til det du hadde jobba slik for. Elevane sit oppe om nettene, som fører til søvnmangel, vi bekymrar oss for alt skulearbeidet som heng over skuldrane våre, og vi kjem aldri ajour. Det er så mykje jobb heile tida, og det tar aldri slutt. Noko er gale når vi ender opp i tårer fordi pensumet er for stort. Fordi vi ikkje klarar å komme rundt alt. Er det slik eit skulesystem skal fungere? For meg verker det som at eit mål for politikarar som styrer med skuleregime, er at flest mogleg skal møte veggen. "Vi dobler pensumet, så får vi kanskje fleire til å knekke saman," eg trudde vi hadde ei arbeidsløysekrise i Noreg.

Noko som irriterer meg grøn, er at eg blir tvinga til å velje programfag eg absolutt ikkje har lyst til å ha. Eg skjønar at det må vere slik for at planen skal gå opp, men det er utruleg urettferdig. Dersom ein elev er heldig, går timeplanen opp slik at han får velje dei tre faga han er best i. Dermed har denne eleven ein større sjanse enn meg til å kome inn på ønska studie, fordi han vil få høgare karakterar enn meg. Eg vil ikkje klare å oppnå gode karakterar i eit fag eg absolutt ikkje liker, og ikkje har hjerne for å forstå. Eg får kjensla av at lærarane somme gonger gløymer at vi har andre fag enn deira. Når alle lærarane gløymer det, så er det klart at det blir for mykje arbeid.

Eg har snart brukt 12 år av livet mitt på skule. På å inngravere kunnskap i hjernen min som eg mest sannsynleg hadde klart meg like godt utan. I 12 år har livet mitt bestått av skule. Ja, det har gitt meg veldig mykje; eg har fått eit sosialt nettverk med mange vener, eg har lært meg sekundærsosialisering på mange plan, eg har fått med meg mykje nyttig allmennkunnskap, og eg har ofte hatt det kjekt. Men skule har også tatt frå meg. Skulen har tatt mykje av mi fritid som eg helst ville brukt på andre ting, skule har tatt frå meg motivasjon, og skule har tatt tårer. Skule har tatt frå meg moglegheiten til å ta eigne val. Eg synes det er sinnsjukt at det ikkje blir gjort noko med. Der finst folk som har det forferdeleg på skulen kvar einaste dag, og likevel blir det ikkje gjort noko med. Når skal folk forstå at opplegget ikkje er godt nok?

Det må berre seiast at eg har det veldig kjekt med lærarane og venane mine på skulen, og eg liker mange av faga mine. Problemet er berre at pensumet er fylt med altfor mykje unyttig kunnskap, og vi har i periodar rett og slett for mykje arbeid. Sjølv om eg som oftast har det kjekt på skulen, så meiner eg det eg skriv. Og då tenkjer eg på kor jævlig det må vere for dei som ikkje eingong har det kjekt i friminutta.

Kva tenkjer du om det norske skulesystemet og eksamen?

3 kommentarer

inabellee

14.03.2016 kl.17:43

SÅÅÅ ENIG!

ICT

15.03.2016 kl.08:47

Aller først tenkte jeg at du kanskje overdreiv litt, men nå når jeg har lest hele innlegget er jeg ganske enig.

Jeg hadde akkurat ikke nok snitt til å komme inn på drømmelinja, media og kommunikasjon. Så jeg endte opp med Service og samferdsel. Jeg var for ung til å klare å sette meg inn i fag jeg ikke hadde fått interesse for, og jeg tror livet hadde vært lettere den gang om jeg fikk studere noe jeg likte godt.

Men siden det var service jeg gikk, så var det dét jeg fortsatte med i ettertid også. Blant annet kurs innen service, og jobber som har stort fokus på service. På en måte så har all service-lærdom hjulpet meg, og på en annen måte så skulle jeg heller ønske at jeg kom inn på det jeg ville.

Anna

16.03.2016 kl.07:58

Jeg er helt enig med deg i at skolesystemet kan bli bedre, at vurderingssituasjoner kan gjøres mer rettferdig og at det er feil å sette tall på ungdommer. Men, jeg tror også at det er viktig hvordan vi som er unge velger å tenke. En firer betyr ikke at du er "middels", men ferdighetene dine på dette temaet er middels høy. Det fine med ferdigheter er at de endrer seg over tid, og at vi alle har sterke og svake sider. Karakterer sier ikke noe om oss som mennesker, det er det viktig at vi alle klarer å huske.

Skriv en ny kommentar


bilde bilde bilde bilde
- FØLG MEG -



- DAGNY SUNDE - 1998 -

Trening, sosialisering, piano, fotografering

Kontakt:
dagny_selma@hotmail.com

Legg gjerne igjen ein kommentar, så tar eg ein tur innom din blogg!



LEGG MEG TIL SOM VENN!

























hits