EG ER I AVISA, OG NOMINERT PÅ SOGNDAL FILMFESTIVAL

Heile denne dagen har seriøst vore opptur på opptur på opptur! Fysøren så fantastisk med ein slik dag! Morgonen starta med at eg for første gong på kanskje eit halvt år prøvde å kle meg kult og hadde i øyredobbar. Då eg kom på skulen fekk eg mange komplement for antrekket, og det var veldig hyggelig. Etter det fekk eg kompliment av lærarar og andre tilsette på grunn av at eg hadde fått teksten min om skulesystemet (link her) på trykk i både Fjordabladet og i Firda, i tillegg til publisering på firda si nettside. Du finn innlegget HER. I siste timen i dag las læraren opp heile innlegget framfor klassa, og så diskuterte vi det. Eg blei faktisk veldig overraska over at samtlige hadde same meiningar som meg, og var så engasjert i denne saka. Det var utruleg kjekt å sjå at eg har truffe noko der.

Etter skulen drog eg og broren min saman med pappa på ein tur og tok bilete. Dei kjem etterkvart på bloggen! Det var kjempekjekt og koseleg. Etter eit par timar drog eg heim og leita fram dataen. På eposten min låg ein beskjed om at filmen vår "Fryktfaktor" er nominert til publikumsprisen på Sogndal filmfestival (link). Eg, Mariel, Charlotte og Thea er inviterte på gallakveld 7.april i Sogndal for kåring av vinnarane. Sååå gøy! Seriøst, tenk at vi blei nominert liksom! Eg er i ei slik ekstase i dag!



Her er den nominerte "Fryktfaktor"-filmen dersom du ikkje har sett den:

5U0OkxoOxIo

Kva er det beste som har skjedd med deg i det siste?

3 kommentarer

Merethe Høili Johansen

17.03.2016 kl.21:12

Så gøy!! Gratulerer :D <3

Ingvild

18.03.2016 kl.11:42

Ååå, Dagny!! Så sjukt stolt av deg og dei andre i turbulens, så sjukt kult at de får til sånne ting, det inspirerer meg så sjukt berre å vere venner med dykk! <3

Henriette Celin

18.03.2016 kl.13:58

Så kult at du fikk teksten din i avisen! og det å bli nominert til en sånn pris er jo både gøy og stas :D

En bra video, hehe^^

Skriv en ny kommentar


bilde bilde bilde bilde
- FØLG MEG -



- DAGNY SUNDE - 1998 -

Trening, sosialisering, piano, fotografering

Kontakt:
dagny_selma@hotmail.com

Legg gjerne igjen ein kommentar, så tar eg ein tur innom din blogg!



LEGG MEG TIL SOM VENN!

























hits