INNKJØP FRÅ OSLO

Då vi var i Oslo vart det sjølvsagt litt shopping. Er du i storbyen, så er du i storbyen;)) Eg er kjempefornøgd med alt eg kjøpte wiho!


Eg oppdaga at dei lanserte NYX i helga til Noreg, og då måtte eg prøve meg på noko nytt. Eg kjøpte denne berømte soft matte lip cream i fargen SMLC 08 og kosta 79kr (men kassadama slo inn 129kr:( så eg betalte 50kr for mykje). Den er matt og kjempefin på! Eg har den på meg på dei andre bileta, men fargen er litt annleis i røyndomen sidan eg har redigert bileta:) (frå hm)


Sjølvsagt måtte eg kjøpe denne når eg kom over den! Hahah, så gøy å prøve seg på sånne ting. Eg har den i fargen light, og den kosta 129kr. (frå cubus)




Basic, men superkul svart genser frå Monki til 180kr


Ååhh eeelskar denne bomberjakka frå Monki! Har leita lenge etter ei kul bomberjakke, fordi eg elskar den type jakke! Har ei svart i skinn frå før, og ei i militærgrønn (men den er litt lang). Denne kosta 400kr.




Ser-i-øst. Denne gensaren er så kul. Den vart kjøpt på 10 sekund etter yolo-oppfordring frå Ingrid, og eg angrar ikkje i det heile. Den kosta 399kr på Urban.


Etter å ha observert alle venane mine og bloggarar bruke denne, tok eg å kjøpte ein sjølv. Det er så praktisk å ha ein tørrshampo ståande. Kjøpt på H&M for 79kr.


Lilla shampo frå fudge. Denne prøvde deg ut på søndag, og eg føler at hårfargen min vart pittelitt kaldare. Eg tenker å bruke denne kanskje éin gong i veka, slik at eg unngår å få gulskjær. Den kosta 220kr, men var på 25%, så eg angrar litt på at eg ikkje kjøpte balsamen òg. Hugsar ikkje namnet på butikken.


Denne nyx-augeskuggen fekk eg på kjøpet når eg kjøpte wonder sticken. Gledar meg til å prøve den skikkelig.


Endeleg fekk eg kjøpt meg ein beauty blender (allereie brukt som du ser). Den kosta kun 29kr på H&M, men funkar fjell likevel.

Kva synes du om innkjøpet?

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar


bilde bilde bilde bilde
- FØLG MEG -



- DAGNY SUNDE - 1998 -

Trening, sosialisering, piano, fotografering

Kontakt:
dagny_selma@hotmail.com

Legg gjerne igjen ein kommentar, så tar eg ein tur innom din blogg!



LEGG MEG TIL SOM VENN!

























hits