Stakkars meg

No må eg få lov til å setje meg sjølv litt i offerposisjon. Klokka 20 i går haddde vi sosiologiinnlevering (der eg skreiv SJU sider), etter lunsj i dag har vi både to-timars matteprøve (som eg må få 6'er i (prøvar å ikkje ha forventningar)), og to-timars sosiologiprøve med eit ganske heftig pensum. Neste veke har vi innlevering av forfattarportrett-film, i tillegg til heildag i økonomi (der eg treng sårt gjennomgang i alle kapittel vi har hatt på 2vgs) og norsk. Og dei komande vekene er heller ikkje heildags-, eksamen-, eller prøvefrie.

Utan overdriving kan eg seie at eg var på skulen i overkant av sju timar i går, i tillegg til skulearbeid heime i åtte timar. Altså, femten timar skulearbeid på eitt døgn er faktisk ikkje greitt. I dag er eg kjempetrøtt og auga mine svir. Stakkars meg. Men eg held motet oppe; dette skal gå fint! Det er kun to månadar igjen før sommarferie! Har ei kjensle på at denne sommaren blir fantastisk.







Har du mykje prøver for tida?

2 kommentarer

Henriette Celin

14.04.2016 kl.10:14

Er så kjedelig når alle prøver og sånt kommer rett etter hverandre, og man får et helt lass å gjøre. Ikke er det gøy å bruke dag inn og dag ut med skole heller. Skjønner deg godt :-/

Elisabeth

14.04.2016 kl.21:13

Du må ikkje gløyme at vi skal lage filmar i media og..:))

Skriv en ny kommentar


bilde bilde bilde bilde
- FØLG MEG -



- DAGNY SUNDE - 1998 -

Trening, sosialisering, piano, fotografering

Kontakt:
dagny_selma@hotmail.com

Legg gjerne igjen ein kommentar, så tar eg ein tur innom din blogg!



LEGG MEG TIL SOM VENN!

























hits