Bilete frå EM

Hei! Sein blogging er betre enn inga blogging, eller kva?;) Eg kom heim att frå Førde i 19-tida i går, og så bar det rett på party! I dag har eg rydda og hatt photoshoot med Ingeborg. Planen var eigentleg at eg skulle øve til økonomi i heile dag, men det vart ingenting av. Sidan vi har heildag i økonomi på torsdag, og tatt i betrakning at eg fekk 2+ på forrige prøve, så veit eg nok kva all tid dei neste dagane skal bli brukt til.

Vektlyftarmeisterskapen i Førde var utruleg kjekk. Eg var dørvakt inn til hallen, så eg fekk sjå eigentleg alt eg ville. Det var veldig spennande å sjå korleis dette fungerer profesjonelt. Eg tok mange bilete, så no kan eg sjå på dei om eg treng veiledning med teknikken på rykk og støt!


Her er nokre bilete av inngangen og standen osv. Laurdagen var det nesten heilt fullt på alle tribunene!


Altså, dei løftar over 200kg i støt. Liksom, det meste eg har tatt er 42kg.. Hahahah


Eg fekk sove hos søstra til Kristina, så då blei likesågodt ho også med. Det var veldig kjekt, og eg er så glad for at eg fekk sove der! Viss ikkje hadde eg nok sove på gata (neida :P). Dei hadde i alle fall to kjeempesøte kattungar!










Det er så mykje glede i dette biletet. Eg elskar det! Trenarane står bak og klemmer kvarandre, medan lyftaren måtte sette seg ned fordi han var så fornøgd med seg sjølv!


Premieutdeling!


Vinnarar!




Eg måtte kjøpe meg ein liten souvenir!

Kva har du gjort denne helga?

Én kommentar

Henriette Celin

18.04.2016 kl.00:33

Så spennende det så ut! veldig fint det ene bildet ja, hvor trenerne klemmer hverandre ^^

Denne helgen har jeg gjort en hel del. Jeg hadde singstar kveld, gikk på danseforestilling, og på sykkeltur + piknik. Alt med minste søster (:

Skriv en ny kommentar


bilde bilde bilde bilde
- FØLG MEG -



- DAGNY SUNDE - 1998 -

Trening, sosialisering, piano, fotografering

Kontakt:
dagny_selma@hotmail.com

Legg gjerne igjen ein kommentar, så tar eg ein tur innom din blogg!



LEGG MEG TIL SOM VENN!

























hits