SPEGELBLANKT

Heisaann! Denne dagen har vore så effektiv! Klokka 08:45 starta heildagsprøva i økonomi som vi no har øvd på i tre dagar. Eg følte verkeleg at eg ga ein innsats og gjorde alt eg kunne, så eg blir fornøgd med alt over strykkarakter. Etter vi hadde levert inn prøva, gjekk vi rett til ein ekstra-mattetime som vart sett opp til å repetere til heildagen i neste veke. Etter det drog eg, Elisabeth og Kristina på aktiv og trente i to timar. Så gjekk eg og Elisabeth på ein regnfull tur i omtrent éin time. No sit eg heime og har nettopp laga muslibarar. Eg håper dei blir gode. I det siste har eg fått så dilla på slike barar, men det blir jo ganske dyrt i det lange laup. Difor såg eg det som lurt å lage eigne. Dersom dei vert gode kjem oppskrifta ut her!

Her er nokre bilete eg tok ein dag eg og mamma var på ein køyretur. Det var blikkstille på vatnet, og bileta vart jo kjempekule!









2 kommentarer

Henriette Celin

22.04.2016 kl.00:11

Så flotte bilder! Og herlig å lage slikt selv. Vil veldig gjerne se oppskrift :-D
Så vakker bilder.

Skriv en ny kommentar


bilde bilde bilde bilde
- FØLG MEG -



- DAGNY SUNDE - 1998 -

Trening, sosialisering, piano, fotografering

Kontakt:
dagny_selma@hotmail.com

Legg gjerne igjen ein kommentar, så tar eg ein tur innom din blogg!



LEGG MEG TIL SOM VENN!

























hits