Veka som gjekk #2

God morgon! Her ligg eg i hagen og solar meg, medan eg tenker over veka som har gått. Det har vore sommarveir kvar dag (unntatt lyn i går!), og det har generelt skjedd ganske mykje forskjellig denne veka. Av den grunn, har eg tenkt å ta ei lita oppsummering.

Vekas høgdepunkt
På måndag var eg ferdig med franskeksamen, og det feira vi med å dra på telttur på fjellet. Det var kjempekoseleg. Gler meg til fleire teltovernattingar i skogen framover. På fredag var Oline, ei eg møtte på språkreisa, på gjennomreise forbi Eid. Då måtte eg sjølvsagt møte ho og slå av ein prat. Sjølv om dei ikkje kunne vere her så lenge, så var det utruleg kjekt å sjå ho igjen!

Vekas song
Etter franskeksamen har eg vorte heilt hekta på Louane, ei fransk sangerinne. Ho er ikkje så gamal, og eg trur ho vart kjent gjennom ein talentkonkurranse. Det er spesielt songen Jour 1 som har okkupert hjerna mi denne veka. Eg har til og med lært meg den på piano.. Den er jo kjempefin!

Vekas latter
På onsdag var eg, Mariel, Charlotte og Kristina ute i gummibåt og rafta. Det var berre fryd og gaman ned elva, heilt til vi kom til havopninga. Då begynte Mariel å stå i båten som om det var ein gondol, og det synes jo eg var superkult. Eg tenkte at dette kan eg få til, keine problem. Så eg plasserte beina på midten av båten, og medan eg reiste meg tenkte eg "hey, ditta går jo!". Sekundet etterpå flyr eg i saktefilm bakover, og båten fulgte etter. I sjokk over at eg faktisk datt ut i elva, båten oppned, og tre tilskodarar med latterkrampe, var det einaste eg kunne tenke på, den nye gensaren min som låg i båten. Eg fekk redda den, men merka ikkje før eg hadde kome på land at handkleet låg igjen på havsens botn.

Vekas gullkorn
Då vi var på teltturen, drog og eg Charlotte opp før dei andre. Vi planla i ein time at vi skulle pranke Ingvild då ho kom. Medan vi stod i grusvegen midt i ein intens samtale om livet, ser eg plutseleg i sidesynet at Ingvild er fem meter vedsidan av oss på veg opp stien. Altså, ho hadde vore i mitt synsfelt minst 15 meter, om eg berre hadde snudd hovudet to centimeter. Mislykka prank...

Vekas nedtur
Kl 01:00 i natt når eg, Thea, Charlotte og Elisabeth skulle køyre heim frå Rigmor, skjedde det noko heilt uventa. Vi køyrte på motorvegen, og plutseleg såg vi at det satt noko i vegen. Eg trur ikkje eg tullar når eg seier at dersom vi hadde bremsa 1 sekund seinare, så hadde vi køyrt på det. Vi gjekk ut av bilen og fann raskt ut at det var ei ugle. Ho blødde ut munnen, og satt berre heilt i ro og såg svimmel ut. Vi ringte til dyrlegen og politiet og prøvde å få tak i viltnemnda. Politiet sa at vi måtte avgjere om vi skulle setje ho igjen i skogen, eller avlive ho sjølve. Korleis skulle vi vurdere om ho var sjuk nok til å avlivast? Det var faktisk utruleg frustrerande. Etter nokre samtalar utan hell, enda det med at dyrlegen kom ut. Ho var veldig forståelsesfull og flink. Det enda med at ho avliva ugla medan eg holdt klørne. Det var ei så spesiell oppleving, og eg trur ikkje ein forstår korleis det føles, med mindre ein står oppe i ein slik situasjon sjølv. På det tidspunktet vi trudde at vi måtte avlive ho sjølve, stod vi alle saman og grein og visste verkeleg ikkje kva vi skulle gjere. Vi følte på ein måte at vi vart kjent med ugla. Det høyrast kanskje overdramatisk ut, men eit liv er eit liv, og det er like mykje verdt uansett kva.

Vekas tanke
Denne veka har eg faktisk tenkt veldig mykje på kva eg skal gjere etter VGS. Eg har kome fram til nokre alternativ, men eg framleis utruleg usikker.

Vekas craving
Frukt har eg hatt lyst på heile veka. Eg er veldig glad i frukt frå før, men når det er slikt veir, så får ein alltid meir lyst på noko friskt og godt å knaske på. I skrivande stund et eg eit eple, haha!

Vekas film
På tirsdag såg eg ein relativt ny film som heiter How to be single. Den var ganske morsom!

Har det skjedd noko spesielt med deg denne veka?

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar


bilde bilde bilde bilde
- FØLG MEG -



- DAGNY SUNDE - 1998 -

Trening, sosialisering, piano, fotografering

Kontakt:
dagny_selma@hotmail.com

Legg gjerne igjen ein kommentar, så tar eg ein tur innom din blogg!



LEGG MEG TIL SOM VENN!

























hits