Billig alternativ til vippe extensions

Hei! Er dokke klare for sommarferie? Det er i alle fall eg. Denne veka har vi (som kom opp til skriftleg eksamen) fri både i går og i dag, så vi har på ein måte tjuvstarta littegrann. Det gjer meg ingenting, for å seie det sånn. No skal eg kome med eit tips som eg kjem til å bruke i sommar. Når sola skin, så vil ein jo få frekner og bli brune, og då er det veldig deilig å kunne føle seg fin utan sminke. Då har vi tilbodet opp vippe extensions, problemet er berre at det kostar skjorta!

For to veker sidan satt eg heime ein kveld foran spegelen, og med sminkemappa mi framfor meg. Der spotta eg ein pakke med punktvipper som har tatt opp plass i sikkert eitt år. Eg bestemte meg for å prøve det ut den kvelden. Det tok ei heil veke før nokre begynte å falle av, og då hadde dei gått gjennom bading, dusjing, soling, heftig svetting og litt grining. Slike billege vipper trudde eg skulle falle av med éin gong, men den gang ei. Eg har gått utan noko som helst sminke heilt sidan eg sette dei på, og eg må ærleg innrømme at eg føler meg fin utan når eg har på desse vippene. Sjølvsagt er dei ikkje like fine og solide som ekte vippe extensions, men det er faktisk 1500kr billegare. Ein punktvippepakke kostar ca 130kr, og med lim i tillegg vert det til saman 150,- (Eg har kjøpt både vippene og ekstra lim frå cubus). Det vil eg kalle eit kupp. Mange har faktisk spurt meg om eg har tatt vippe extensions. Eg skal heilt klart dra nytte av denne oppdaginga seinare i sommar når desse har falle av.






ah, for nokre nydelege vinklar og perspektiv på desse bileta. Eg tok meg ein kunstnerisk fridom til å redigere augefargen min slik at eg enda opp med å sjå ut som ein vampyr frå Twilight.

Har du prøvd punktvipper før?

2 kommentarer

Henriette Celin

15.06.2016 kl.13:29

Så pene bilder! det hørtes jo veldig greit og bra ut med slike vipper ^^

Sarajaneeth

15.06.2016 kl.13:34

Aldri prøvd! Så smart 😀

Skriv en ny kommentar


bilde bilde bilde bilde
- FØLG MEG -



- DAGNY SUNDE - 1998 -

Trening, sosialisering, piano, fotografering

Kontakt:
dagny_selma@hotmail.com

Legg gjerne igjen ein kommentar, så tar eg ein tur innom din blogg!



LEGG MEG TIL SOM VENN!

























hits