Ekskursjon i pissregnet

Heisann! Som sagt var eg og tanta på ei lita utflukt i går kveld. Vi gjekk i pissregnet opp mot Ossetra rundt kl 19. Seriøst, det hølja ned og gjørma i den bratte stien var kjempeglatt! Men vi kom oss opp og fekk skreve oss i boka. Deretter låste vi oss inn i selet til Janne og fyrte i ovnen. Tanta hadde laga til lefserullar med ruccula og spekeskinke, så det åt vi medan vi spelte kort og las "Det nye" frå 1983. På kvelden fekk eg lest litt meir i boka mi "Professor Hieronimus" av Amalie Skram, og no har eg berre 60 sider igjen! Woho, eg teller ned.


Dette er selet vi sov i. Kjempekoseleg inne!


Vakkert




Her tørka vi det klissblaute kleda, men dei vart pikadet ikkje tørre til i dag tidleg! Så då gjekk vi likesågodt med pysjen under regnkleda ned igjen.




Tanta fiksar











Vi begynte å gå heim att i halv ti-tida, og var nede om lag ein halvtime seinare. Det var kjempeglatt å gå ned, så det vart nokre knall og fall, men ingenting alvorleg heldigvis! Eg elskar å gjere slike ting, det er så kjekt å fylle dagane med noko, og å ha noko å tenke tilbake på! Det gjorde liksom ingenting at det hølja ned og var 14 grader. Det er berre å kle seg godt og planlegge, så blir turen fin nesten uansett.

Likar du utflukter i naturen?

 

Én kommentar

Henriette Celin

17.07.2016 kl.15:22

Kjedelig at det høljet ned da, selv om det sikkert var en fin tur (:

Så koselig ut i den hytten da :-D

Skriv en ny kommentar


bilde bilde bilde bilde
- FØLG MEG -



- DAGNY SUNDE - 1998 -

Trening, sosialisering, piano, fotografering

Kontakt:
dagny_selma@hotmail.com

Legg gjerne igjen ein kommentar, så tar eg ein tur innom din blogg!



LEGG MEG TIL SOM VENN!

























hits