EIN SOMMARDAG I OKTOBER

Sjølv om temperaturen kanskje ikkje tillet det, så tok vi oss ein dag på stranda i går. Turbulens drog i to bilar til Refviksanden, og der grilla vi, snakka drit og spelte volleyball. Åå det var ein så fin dag! Då vi sette oss inn i bilane for å køyre heim att, oppdaga vi at den eine bilen hadde flatt batteri og den andre var nesten tom for bensin. Startkablar var ikkje å finne verken i våre bilar, eller i campingbilen ved sidan av. Det skjer seriøst alltid slike ting, hhahah. Heldigvis fekk vi hjelp av ein som budde der ute, så vi kom oss heim til slutt.








savna sommar;'(


Ingrid og Thea<3


Elisabeth og Mariel<3


Christianne, Kristina og Thea<3

Charlotte<3 (hadde ikkje bilete av ho, men følte ho også måtte få eit hjarte;))

Naturen er så kul!

Hei! I morgon er aller siste skuledag i 2vgs! Dagen skal bestå av underhalding og utdeling av is, så eg trur det skal gå ganske godt føre seg. Herregud så deilig det blir med en laang sommarferie, og spesielt om veiret held seg slik! På søndag reiser eg som kjent til Barcelona med min vennegjeng, Turbulens. Håpar ikkje det blir turbulens på flyet! HA-HA-HA #dobbelbetydning! Sjukt dårleg vits.. OKei, uansett, eg gler meg så mykje at eg veit ikkje heilt kor eg skal gjere av meg! Eg får berre smøre meg med tolmod, for det er jo ikkje meir enn tre (!!) dagar til.

Etter skulen i dag var eg på ein liten tur til Randabygda saman med naboane mine. Der finst, dersom du går eit stykke innover i skogen, ein foss som heiter Tvinnefossen. Det som er så spesielt med denne fossen, er at du kan gå bak den, og sjå vatnet falle ned frå baksida! Eg tok mange bilete i dag, så det er berre å starte å bla!






Møtte ein liten kattepus








Her gjekk vi bak

















Då eg var lita drog vi på tur hit mange gonger, men no var det begynt å bli nokre år sidan førre gong. Det var veldig kjekt å kome tilbake!

SURPRISE!

God morgon! På laurdag hadde Kristina bursdag, så då tenkte vi jentene at vi måtte finne på noko sprell. Etter alle var ferdige på jobb, køyrte vi opp til Kristina og kidnappa ho. Vi bandt ho fast i bilen, tok bind framfor auga hennar, tok på ho hørselsvern samtidig som ho fekk høyre på ei speleliste med alle songane ho hatar. Vi køyrte vidare og plukka opp resten av Turbulens, så bar det avgarde mot Vedvikja. Det er ein stad vi ikkje plar å vere, så vi tenkte vi skulle gjere det litt annleis. Vêret var strålande, og det var så fint der! Då vi tok av blindfoldet, fekk Kristina sjå eit trebord dekka med masse frukt, sjokolade og anna god mat. Vi var ganske fornøgde med at vi klarte å overraske ho!




Rigmor og meg


Fine jentene




Eg og Rigmor gjekk rundt i skogen og hadde photoshoot.
Meg: "Hahah, tenk viss treet knekke no!"
Treet: *knekk* *knekk* *knekk*
Og der dalar Rigmor ned frå treet, landar på det lille treet i forgrunnen, og deisar ned på bakken. Det var så morsomt, og vi lo så godt!


Ho fekk hol i toppen på den morsommaste plassen


Hahhaah, såg jo eigentleg utruleg vondt ut..


Litt utpå dagen drog vi frå Vedvikja og inn til Osvika på Eid. Her møtte vi mange artige menneske.


På kvelden kom guttakrutt, og vi såg på solnedgongen saman (haha.)


Strike a pose


Vakre Elisabeth


DansedanseThea

Har du laga overraskingsfest for nokon før?

På besøk i paradis

Heisann! For eit vêr det er! Sjølv om eg går i shorts og singlet, så frys eg ikkje i det heile. Det er så deilig. Skuldagen i går er den beste skuledagen eg har hatt hittil i mitt liv. Fransklæraren vår inviterte oss på besøk til seg, og der var vi heile dagen. Alle vart heilt mållause då vi kom dit, for det var så fantastisk fint! Eg finn ikkje ord som kan dekke beskrivinga av denne tomta. Huset låg i ly, så der var ikkje vind. Ho hadde eit gjestehus i mur, ei steinbru, elv, ein dam, grillplass ute med tak, tusenvis av plantar osv. Det var berre heilt utruleg. Eg trur alle hadde lyst å berre flytte inn der med éin gong.


Thea og Ingvild


Kalle og Håkon


Rigmor bada på Bjørg sitt hemmelege svaberg


Erling og Jorden


Amalie, Victoria og Amida


Finaste Bjørg




Soling på g


Thea


Stijn og Andrine


Kalle og Joachim


Erling og Jorden


Eg og Mariel sola oss. Det var kjempevarmt!


Ingvild


Eg og Mariel kjøpte begge shortsar kvar for oss før vi drog på skulen

Korleis er vêret med deg?

17. MAI - ein biletserie

Dagen starta kl 06:41. Elisabeth ringte meg, og eg avslutta samtalen fordi eg trudde det var alarmen.

Kl.07:00 - Eg og Elisabeth gjekk "Revelja". Det er eit morgontog vi har her på Eid. I år var det dårleg oppmøte, med kun oss to bak korpset, men det var kjekt likevel.


Kl.09:00 - Eg hadde dusja og sminka meg. Så drog eg til Ingeborg og åt frukost saman med Ingvild og Ingeborg.


Kl.11:00 - Som vanleg samla vi oss på kyrkjetunet der vi åt is. På vegen heim møtte vi Torbjørn, så vi hang i hagen vår ei stund.


Eilif, Torbjørn, Silje og Rune




Etterkvart kom Kristoffer slik at vi fekk tatt det årlege biletet på steinen. Dessverre var ikkje Caroline til stades i år, men eg skal få redigert ho inn her.








Kl.17:00 gjekk folketoget av stabelen




Russen rulla for siste gong ;D


Kl.16:30 - Eg møtte Kristina utanfor Narvesen, så hadde vi ein liten isdate. Så drog eg heim i hagen der vi grilla med naboane.






Kl.20:00 - "Tappenstreken", det siste toget, gjekk. Eg tok berre bilete av det. Etter dette gjekk eg heim og la meg under dyna, fordi eg hadde hatt frosten i meg heile dagen, så eg var kjempekald.

Kva gjorde du i går?

symjande romvesen

Okei, hehe, eg trudde eg hadde tatt masse bilder i Oslo, men når eg ser på kameraet er det berre mange reptildyr frå reptilparken.. lol.




Karl Johan 


Meg som tar på ein slange ;D




Bekledning


Mange kule dyr ;) Den kvite tingen under på bildet under apen ser verkeleg ut som noko frå ein annan planet. Eg drøymde faktisk om den i natt, og så tok eg mange kule bileter av den, men så blei den gal :( hahah

No sit eg på skulen og tenkjer meg vekk i lange og varme sumardagar, men i røyndomen piskar regnet på glasruta. Eg trur eg må hente meg inn igjen og starte på skulearbeidet, sjølv om eg eigentelg er ferdig.

Kva gjer du i dag?

THE ONE THAT GOT AWAY


1.Vi fekk kattungar. 2.10klasseavslutning. 3.Besøk av kjekke sandensarar. 4.Farga halve håret blått. 5.Cafe med kjeklingar. 6.turnleir. 7.amerikabesøk av John Nations. 8.koseleg picnik på flåten med ingeborg, ingvild og mathilde. 9.Feira bursdag. 10.Blei plaga av kattane. 11.Kjøpte pennyboard, og tryna så både kamera og fingrane og knea til både meg og runa knuste. 12.malakoff2014. 13.refviksanden med fine søskenbarn++. 14.sliten ingvild. 15.sov under open himmel med ingrid. 16.hadde ikkje anna å gå med enn posa :/


1.Fiskespa med kristoffer i rhodos. 2.eg og caroline rei på esel opp fjellet. 3.tok hennatatovering 4.paragliding etter båt med kristoffer. 5.blei brun i syden (savna det sjukt!) 6.rafting var ein sentral aktivitet denne sommaren. 7.besøk av dina og hilde. 8.bergenstur med mine kjekke venar. 9.hang med rambo. 10.prøvde seriøst i én time å ta en selfie, og endte opp med ditta... 11.sandanedagane med cristine. 12.piggybackriding på donna. 13.begynte på vgs i volda. 14.skrøyt av at eg trente. 15.bytta til eid vgs, og hadde eit fantastisk gjensyn med eidarane. 16.pumpa jern



1.kosa meg på eid vgs. 2.aktivitetsdag på skulen. Vi gjekk sånn ca innom alle butikkane dei solgte mat. 3.bygdefest i honndalen. 4.ingvild utforska korleis ein lagar emojiar. 5.vann premie på aktiv treningsenter. 6.navnedag 11.september

Dette innlegget er nok ikkje utruleg spennande for andre enn meg sjølv, men eg synes det er så kjekt å sjå tilbake på minner. Eg har hatt ein utruleg kjekk og travel sommar, og eg vil absolutt ikkje gje slepp på den, men sånn er det vel kvart år. Det einaste vi kan gjere no, er å vente og gle til neste sommar. Åå, som eg gler meg! Eg elskar verkeleg sommaren.

Kva er di favorittårstid?

Les mer i arkivet » Oktober 2016 » August 2016 » Juli 2016

bilde bilde bilde bilde
- FØLG MEG -



- DAGNY SUNDE - 1998 -

Trening, sosialisering, piano, fotografering

Kontakt:
dagny_selma@hotmail.com

Legg gjerne igjen ein kommentar, så tar eg ein tur innom din blogg!



LEGG MEG TIL SOM VENN!
























hits