PASTEL PINK BOOTS







Førre veke var eg på klassetur til Praha, og då hadde vi ein liten stopp i Oslo før Kielferga. Vi fekk shoppa frå oss litt på dei timane, slik at vi var sikre på å bruke opp litt pengar før vi kom fram til Tsjekkia. Klasseturen var forresten veldig artig, og vi kom alle heim att med mange gode, og ikkje så gode, minner. Eg kan gjerne legge ut bilete frå turen. Eg trur også at eg skal vise fram alt eg kjøpte både i Oslo, Kiel og Praha. Desse skoa er kjøpte på DinSko, og kosta kun 399kr. Dei liknar litt på Timberlands, men sjølvsagt ikkje like god kvalitet. Same skoa var også i svart og kvit, men eg synes dei var litt meir spesielle og kule i rosa. No når vinteren kjem er det deilig å ha nokre sko som varmar litt meir enn joggesko.

NEW IN FROM EBAY

God morgon! No har eg faktisk mottatt alle pakkane frå ebay, så då skal eg vise fram fangsten min. 


Denne kule grøne leppestiften som vert rosa når du påfører den. Fargen blei faktisk veldig sterk, og eg likte den kjempegodt!


Vippeserumet frå etude house. Eg har lest litt om dette i ettertid, og har funne ut at det har eit veldig godt rykte på seg. Eg skal heilt klart ta denne i bruk for fullt når lausvippene fell av. Eg har nemleg satt på punktvipper igjen.


Desse punktvippene er det eg har sett på. Vippene såg veldig mykje meir ekte ut enn dei førre eg hadde på, og det var ganske enkelt å feste dei med denne limen. Anbefalast! No har eg hatt dei på i tre dagar allereie.


Har enno ikkje hatt bruk for øyreproppforgreinaren, men det er alltid godt å ha i bakhand. Dekselet passa også til kameraet! Lyseøyredobbane er eg litt usikker på om dei faktisk fungerer. Prøvde dei gule, og det viste litt. Er det slik at eg må lyse på dei først med lommelykt? Veit at nokre sjølvlysande ting er fungerer slik.


Levis shorts 501, farge: light blue, pris: ca. 320kr med frakt. (Tenkte det kunne vere interessant). Eg er kjempefornøgd, sett vekk i frå at den var aaltfor stor. Litt kjipt, men eg føler den funkar likevel. Kan jo bruke belte.


Her er Skin Food. Det er nokre slags kviseplaster. Eg fekk spørsmål om eg kunne skrive om dei dersom dei fungerte. Eg var i hovudsak skeptisk, men jaggu vart eg positivt overraska. Eg plasserte plastera over nokre ureinheiter ei natt, og neste morgon hadde innhaldet i kvisa blitt "sugd" ut. At dei verkar, er eg så glad for! Eg føler at ingenting av kremar og slikt fungerer på kviser. No lurer eg berre på kvifor eg ikkje kjøpte fleire pakkar...


Ei mobiltett (hahahha, meinte vasstett, men det var for morsomt til å endre) lomme til mobilen. Denne kjem godt med i sommar!

 

Har du kjøpt noko lurt på ebay?

 

 

Innkjøp frå Barcelona!

God morgon! Som sagt handla vi ganske mykje i Barcelona, men hallo, det er lov. Eg er kjempefornøgd med fangsten, og angrar ikkje på noko. Då vi var inne på sephora, spurte eg om hjelp til å finne ting. Eg er nemleg ikkje så inn i den store sminkeverda. Dama viste meg produkt etter produkt, eg eg kasta alle saman oppi korga! hahah, det er nesten flaut å seie det, men eg brukte nesten 2000kr på sminke... Til gjengjeld er eg særs nøgd! Heldigvis.


Mom jean frå Pull&Bear


Sjukt kul discotskjorte frå Bershka


Endeleg fekk eg meg ei orignial Levis-tskjorte!


Ein nydeleg gensar frå Oysho


Jumpsuit frå Primark. Er liiit usikker på om eg likar shortsdelen. Føler den er så formlaus, menmen. 3pk med adidassokkar.


Kvit ripped jeans frå Pull&Bear


Kvit stripete tskjorte frå Pull&Bear


Verdas mest behagelige treningsgenser og tights frå adidas. Der var kjempestore adidas- og nikebutikkar. Oh my god, eg elskar treningskle! Hadde mest lyst å kjøpe med meg alt heim att, men treningskle er eigentleg ganske dyrt, så eg måtte avgrense meg litt.


Dødskule solbriller frå Pull&Bear. Polaroidfilm og ei søt ramme frå Natura


Råkule sko frå ein eller annan butikk i gata. Herreguuud, sjå på dei!! Veit ikkje når eg får brukt dei, men halllooo


Kvite sneakers frå same butikk som dei førre skoa. Eg har hatt lyst på nokre kule joggesko som eg kan bruke til kvardags. Den sølvdetaljen nederst på lissa trur eg kanskje at eg skal fjerne.


Så kjem vi til sminka.

  • Ein billeg, men utruleg god foundation frå Bourjois
  • Benefit The'yre Real mascara
  • Too faced better than sex mascara (Eg ELSKAR denne! Hands down)
  • Benefit shimmer highlight. Kvifor har eg ikkje skaffa meg highlighter tidlegare? Det er jo fantastisk.


Eit fint lite augeskuggepalett frå Sephora. Liker fargane veldig godt, og føler dei passar til meg

  1. Skin Equalizer. Den er for å jamne ut raud hud, slik at du blir mindre raud. Den fungerer faktisk bra! Too faced augeskuggeprimer. Augenskuggen sit mykje betre om eg bruker denne først.
  2. Blush frå Sephora. Concealer frå Benefit. Den er desverre for lys til meg no, men eg vert jo bleikare når det blir vinter og slikt, så det går fint.
  3. Ein utruleg god sportsbh frå nike. Det er fantastisk støtte i den!
  4. Ansikts-, leppe- og nasemaske frå sephora. Negler og små strikk frå primark.
     

  1. Ei fin lita og praktisk veske frå Stradivarius (er ikkje heilt sikker, men trur den var der i frå).
  2. Sokkar og overraskande gode bh'ar frå Primark
  3. Søt bralette frå urban outfitters. Kjempefin bikini frå Oysho. Truser frå Hunkmöller

Wow, dette innlegget vart langt! Kunne jo sjølvsagt ha delt det opp i kategoriar, men den gang ei. Håper dokke hadde det kjekt med å surfe gjennom alt eg har kjøpt;) No må eg springe, skogen kaller!

Kva likte du best?

innkjøp til sydentur!

Heisann! I dag tidleg vakna eg og Elisabeth hos ho, så drog vi på café og åt frukost. Deretter gjekk vi rundt og handla inn litt nødvendigheiter til morgondagens reise. Vi gjekk bort til stadion der gutane spelte kamp, og der møtte vi nokre av jentene. Vi avtalte at vi skulle ha ein chill kveld med heimelaga pizza. Eg avtalte skyss kl18, og eg er allereie litt seint ute, så eg må nesten berre springe!

Dette kjøpte eg til reisa:

Ansiktssolkrem, solkrem 30, solkrem 20, lypsyl med solfaktor 30, sololje 15 og aftersun


Deodorant, sminkefjernerserviettar, antibac, sjampo og balsam


Truser







HA EIN FIN KVELD!

Innkjøp 06.05.16

Her er innkjøpet eg fekk med meg heim i går!






NYX matte lip cream i fargane SMLC 02 Stockholm og SMLC 03 Tokyo


Hettegenser frå ginatricot




Dette er den same gensaren som eg kjøpte i kvit på bikbok i Sogndal, men når eg såg den i grå, så måtte eg ha den òg, haha! Eg likar dei kjempegodt.




Eg mistar alltid den eine øyredobben, og spesielt når det er slike store og fine. Fysøren så irriterande det er! Difor må eg fylle på litt av og til. Desse er kjøpt på bikbok.






I førre veke greidde eg å slite den svare chokeren min... Når sommaren kjem, så må eg ha ein choker, så då vart det denne. Eg har nokre øyredobbar som passar till, så det blir bra. Eg synes dette smykket var kjempefint og sommarsleg. Også frå bikbok.

NYTT OBJEKTIV!

Hei! Då vi vann publikumsprisen i Sogndal, fekk vi som sagt eit gåvekort på 8000kr til fotoutstyr. Sidan vi er fire stk, vart det 2000kr på kvar. Forrige veke bestilte eg meg ei ny linse og eit minnekort. Lenge har eg hatt lyst på eit objektiv som har ei litt stor brennvidde slik som standardlinsa når ho er heilt utzooma, men eg synes ikkje standarslinsa taklar lys så veldig bra. Etter litt hjelp frå Silje kom eg fram til å kjøpe Canon EF-S 24mm f/2.8 STM. Den var veldig billig og hadde alle dei funksjonane eg var ute etter, så det var heilt supert! Sidan eg hadde litt pengar igjen, brukte eg det på eit minnekort på 64GB. Det treng eg absolutt med tanke på Barcelona-turen og andre turar. Adaptaren til det eine minnekortet mitt på 16GB er øydelagt, og utanom det har eg berre eit på 2GB, så dette blir bra!

Link til objektivet HER.


uuu spanande




wiiiiii




Det første eg skal gjere no, er å vaske spegelen min...


Måtte teste ut litt. Altså, man kan gå sjuuukt nært motivet, og biletet er likevel i fokus! Sååå gøøøøøy. Gler meg så mykje til å ta bilete med dette obektivet når det blir sommar!

Eg er forresten nettopp koma heim frå heildag i matte. Alt gjekk på skinner, så no er eg redd for å ha misforstått alt.. Jaja, håpar det går nogenlunde:)

Kva slags fotoutstyr har du?

NEW IN LATELY

Då vi var i Sogndal kom vi veldig tidleg på torsdagen, og fekk dermed tid til å gå litt i butikkar før gallaen starta. Eg fann meg fire plagg som eg er veldig fornøgd med. På bileta under har eg på meg to av dei; gensar frå bikbok og ei (døødskul) ripped momjean frå h&m. Eg har leita i nesten eitt år etter ei slik bukse! Endeleg, seier eg berre. I tillegg fekk eg meg nokre freshe sokkar med flamingoar på av mamma då eg kom heim. Lagerutsalget har nemleg fått inn masse kule sokkar med forskjellig trykk og mønster.















INNKJØP FRÅ OSLO

Då vi var i Oslo vart det sjølvsagt litt shopping. Er du i storbyen, så er du i storbyen;)) Eg er kjempefornøgd med alt eg kjøpte wiho!


Eg oppdaga at dei lanserte NYX i helga til Noreg, og då måtte eg prøve meg på noko nytt. Eg kjøpte denne berømte soft matte lip cream i fargen SMLC 08 og kosta 79kr (men kassadama slo inn 129kr:( så eg betalte 50kr for mykje). Den er matt og kjempefin på! Eg har den på meg på dei andre bileta, men fargen er litt annleis i røyndomen sidan eg har redigert bileta:) (frå hm)


Sjølvsagt måtte eg kjøpe denne når eg kom over den! Hahah, så gøy å prøve seg på sånne ting. Eg har den i fargen light, og den kosta 129kr. (frå cubus)




Basic, men superkul svart genser frå Monki til 180kr


Ååhh eeelskar denne bomberjakka frå Monki! Har leita lenge etter ei kul bomberjakke, fordi eg elskar den type jakke! Har ei svart i skinn frå før, og ei i militærgrønn (men den er litt lang). Denne kosta 400kr.




Ser-i-øst. Denne gensaren er så kul. Den vart kjøpt på 10 sekund etter yolo-oppfordring frå Ingrid, og eg angrar ikkje i det heile. Den kosta 399kr på Urban.


Etter å ha observert alle venane mine og bloggarar bruke denne, tok eg å kjøpte ein sjølv. Det er så praktisk å ha ein tørrshampo ståande. Kjøpt på H&M for 79kr.


Lilla shampo frå fudge. Denne prøvde deg ut på søndag, og eg føler at hårfargen min vart pittelitt kaldare. Eg tenker å bruke denne kanskje éin gong i veka, slik at eg unngår å få gulskjær. Den kosta 220kr, men var på 25%, så eg angrar litt på at eg ikkje kjøpte balsamen òg. Hugsar ikkje namnet på butikken.


Denne nyx-augeskuggen fekk eg på kjøpet når eg kjøpte wonder sticken. Gledar meg til å prøve den skikkelig.


Endeleg fekk eg kjøpt meg ein beauty blender (allereie brukt som du ser). Den kosta kun 29kr på H&M, men funkar fjell likevel.

Kva synes du om innkjøpet?

NY SMINKE

Som eg fortalte for nokre dagar sidan, så var eg og handla sminke på coop til 400kr (haha). Her er det eg kjøpte:




- Lipliner frå.. uhm.. eg har rota den vekk.. herregud. Fargen er i alle fall 140, som vi ser på biletet her. Likte den kjempegodt, finn den sikkert igjen om 10 minutt.
- Fekk denne rosa max factor leppepennen(?) frå Ingvild, sidan ho ikkje synes fargen passa henne. Eg synes den var megafin, så eg tok den gjerne i mot. Fargen heiter Couture blush 10.


- BBcreamen min held på å gå tom, så eg tenkte det var lurt å kome meg sjølv i forkjøpet den dagen eg går heilt tom. Denne gongen ville eg ha noko som dekka litt betre, difor kjøpte eg denne foundationen frå L'oréal Paris i fargen 10 porcelain. Ja, eg er bleik ok.
- For same grunn som foundationen, kjøpte eg også ein ny concealer. Denne er frå Maybelline New York, farge 01 Ivory. Hittil er eg veldig fornøgd. Eg brukar den eigentleg mest som highlighter, for den er såpass lys.


- I same slengjen kjøpte eg litt naudsynte tilbehør. Har sett mykje av desse strikka, så eg bestemte meg for å prøve sjølv. Dei er fantastiske! Herregud, kvifor har eg ikkje kjøpt det tidlegare?
- Då eg fekk leppepennen av Ingvild, trong eg ein kvessar som var stor nok. Eg har eigentleg ikkje kvessar frå før, så det var veldig greitt å få det.

Kva synes du? Har du noko av det same?

vintersko og joggesko!

Etter ein heil vinter med våte sokkar og plastposar i skoa, har eg endeleg fått meg nokre vintersko. Eg innsåg eigentleg ikkje kor mykje eg trong det før eg fekk dei. I tillegg fekk eg nye treningssko som ei sein julegåve frå mommo og beste. No har eg brukt dei same joggeskoa sidan niande klasse, og eg trur vi trygt kan seie at dempinga i det paret, er så godt som vekke. Eg merkar kjempestor skilnad på dei nye og dei gamle. Det er så mykje betre no!


Desse er frå Ten Points, og eg fann ein link til dei i kvit HER


ååh, elskar dei! Modellen er Asics GT-1000 link HER

Kva synes du?

NIKE HOODIE

Heii! God mandag, la oss alle gjere dette til ei topp veke! No er det kun to veker til vinterferie, og eg gler meg kjempemykje! Sjølv om eg skal jobbe kvar dag, så er det ganske deilig å sleppe skulearbeid i ei veke. Lenge har eg gått rundt og ønska meg ein hettegenser, då spesielt dei frå nike. Eg synes dei er  fine, men eg har aldri funne dei, og å kjøpe på nett har eg ikkje vurdert som eit alternativ. Då eg gjekk rundt på Eid saman med Kristoffer på laurdag, oppdaga eg at dei hadde fått den inn på chatlet! Eg måtte berre kjøpe den med én gong. No vil eg aldri ta den av meg. 


Då eg vakna i går tenkte eg at det kanskje hadde vore fint å ta bilete av gensaren ute! Så opna eg persiennene og såg dette...


Då vart det innebilete!


Helgas outfit;))




sjempehappy:D

Kva synes du?

WORLD SCRATCH MAP

Wehuu! Gjett kva eg fann på ebay til kun 70kr! Eg elskar dette kartet, det er så kult og fint. Mange har heilt sikkert høyrt om det; du kan skrape vekk gullfargen på stadane du har besøkt, og så kjem det nye fargar fram under. Då eg fann det forventa eg eigentleg at det skulle vere halvparten så stort og halvparten så bra kvalitet. Eg vart veldig positivt overraska då eg fekk det i posten, for å seie det sånn. Det var kjempestort, og kjempetjukt, altså solid. Faktisk så solid at eg måtte legge det i press, og spikre det fast i veggen. Men det synes eg ikkje er noko problem, for det blei litt kult. Det går nok å feste det med ein sterk teip òg. Leveringstida var på nesten 30 dagar, så det var litt lenge, men absolutt verdt det. Eg fann ikkje linken til akkurat det eg kjøpte, men >HER< er ein annan link som fungerer.


Kartet kom slik rulla opp i ein kjempekul sylinder.


Her ligg det i press, hahah








Yeey, so happy!

Ville du hatt eit slikt?

Nye ingrediensar til musklar

For nokre dagar sidan bestilte eg eit par ting frå x-life.com. Det er ikkje ofte eg bestiller på nettet, men eg hadde høyrt så mykje bra om dette proteinpulveret, at eg måtte berre ha tak i det. Allereie har eg rukke å laga ein proteinbar ut av den, og fy søren så god. Proteinpulveret er verkeleg så godt som alle skal ha det til. Eg såg det først på bloggen til Kristine Weber (kriweb). Apropos ho, så var eg på bokhandelen ein dag, og der i hylla sto den andre boka hennar. Eg har den første heime, den fekk eg av mamma i fjor. Eg likar desse bøkene kjempegodt, for der er hovudsakleg oppskrifter, på sunn og god mat, men også treningstips og artiklar ho har skreve.




Scitec proteinpulver alpine milk chocolate frå x-life.com


fibersirup frå x-life.com


shaker frå x-life.com


Oppskriftsbok frå libris


No har eg to! :D

Har du smakt scitec proteinpulveret?

INNKJØP

Heisann! No sit eg nydusja i senga etter ei relativt grei styrkeøkt. Eg vart faktisk litt kvalm på trening i dag, trur kanskje eg har drukke for lite vatn. Ikkje bra. Hatar å vere sjuk; det har eg ikkje tid til. På søndag til i dag har eg vore på besøk med familien på Hareid. I går fekk eg sjarmert med meg bestemor og bestefar på moa, slik at eg fekk shoppa litt. Det var ikkje så mykje eg kjøpte, men heller ting eg trengte. Og nokre bursdagsgåver, så dei kan eg såklart ikkje vise. Eg klarte faktisk å gløyme lommeboka mi hos Runa. Hahha, er det mogleg? Kanskje ein lur måte å spare pengar på, då!


Kjøpte nokre questbarar i smakar eg ikkje har prøvd før. Åt den med kanelbollesmak i dag. Heilt ærleg synes eg ikkje den var så god, men no veit eg det i alle fall.


Herremann, i oktober mista eg øyreproppene mine, og det har gått kraftig utover jogginga mi. Det er så sjukt stor forskjell på å jogge med og uten musikk. Men no har eg endeleg fått meg nokre nye, så no blir det springing i gården! Eg kjøpte desse frå merket urbanista. Skulle eigentleg kjøpe frå apple, slike som eg hadde før, men dei kosta 349kr! Det gadda eg ikkje å bruke, så desse kosta berre 199kr.


Mollybukser frå ginatricot. Trengte serisøst nye jeans, hadde éi stram brukbar bukse. Så no fekk eg fylt på med det iallfall. Kosta 299kr per stk.


Ny treningstskjorte frå Frank Shorter på tilbod til 50kr! Kjøpte ho utan å prøve, men brukte den på trening i dag, og den satt som eit skot!

Kva synes du?

NY GENSAR









På fredag stod eg ute i hagen og skulle rake. Dette forma seg raskt til at rakinga gjekk over i photoshoot. Då nytta mamma anledninga til å kome stormande med noke kle frå butikken hennar som ho trengde bilete av. Det heile enda i at eg fekk ein av gensarane frå butikken. Sjå så kul den er! Wihi, love it:D Forresten! Eg har laga ein eigen instagramkonto for foto. Den heiter photodagnysunde og du må gjerne følgje meg! :D

innkjøp frå reunion













Så glad og fornøgd var eg med meg sjølv etter eg hadde stemt for første gong i kommunevalet. No gjeld det berre å krysse fingrane og håpe på at mitt utkåra parti gjer det godt på opptellinga.

På vegen ut av Bogstadvegen hadde eg greidd å kapra to plagg; denne fantastiske buksa, som verken er for lang eller for kort, frå ginatricot og denne supre gensaren frå urban. Eg er veldig glad for at eg kjøpte nettopp desse plagga, men ikkje noko meir!

Har du brukt stemmeretten din?

ny vegetasjon

Etter 4 gode år med mine førre kaktusar i vindaugskarmen var det på tide med ei oppgradering. Kaktusane var halvvegs brune og ikkje noko fryd for auget, men eg må jaggu seie at dei har haldt seg godt. Denne gongen ville eg spice opp med ein blome i midten, den døyr nok ganske raskt, men den er så fin at det var verdt dei usle 40 kronene eg betalte for han. Då eg plasserte blomen og kaktusane innsåg eg at vegetasjonen drukna i dei altfor store pottene. Eg synes allikevel det var fint, så eg har ingen planar om å gjere noko med det.











Så slepp eg å tenkje på det i fire nye år;)

NY KJOLE og gratulerer med dagen

Gratulerer så mykje med dagen, tanta! Håper du har kosa deg i dag<3

Heisann! Sidan tanta hadde bursdag i dag, eg har snart bursdag og eg hadde veldig lyst, så kjøpte eg ein ny kjole i dag! Medan eg tok desse bileta stod det forøvrig ein gjeng med gutar på ein altan og såg på meg.. Det var litt kleint, men alt for bileta, hæ?











Elskar skuldrane:D:D

Kva synes du?

new in frå Oslo

Det begynner vel å bli ei god veke sidan eg sa at "bilder frå Oslo kjem i morgon". Vel, betre seint enn aldri, kva? Eg kjøpte som sagt (trur eg?) ikkje mykje, men eg vil gjerne vise det eg kjøpte.








Dongerijakke frå bikbok. Herregud kor lenge eg har ønska meg ei slik jakke, og denne er perfekt i mine auger! 


Kvit croptop frå bikbok. Denne er veldig basic, og noko som er greit å ha til sommaren. Under har eg eit grått twistskjørt frå bikbok, stoffet er verdas deiligaste!




Utruuleg fin genserkjole frå monki. Eg er så nøgd med den!

Så ja, det var det. Tenk at eg var i Oslo og kun kjøpte fire plagg til meg sjølv. Rekord! Men det er veldig greit òg, for eg treng jo ikkje noko meir akkurat.

Kva synes du?

Om eg skal tore å sei at fleire bileter frå Oslo kjem i morgon, veit eg ikkje. Det eg kan love er at dei kjem. Måtte gutane vite når!

NYE SKO





åhh, eg likar dei! Hadde eigentleg planar om å kjøpe nokre kvite som likna litt, men valet fall til slutt på desse. Det er eg fornøgd med no.

Kva synes du om skoa?

take me to nyc

Dette biletet vart med meg heim frå Trondheim. Tross mine overfylte veggar, fann eg ein ledig plass til dette, riktig nok halvvegs bak senga, men eg synes ikkje det gjorde noko. Det vart eigentleg ganske fint med tanke på lysa eg har rundt sengeramma. Eg har ein liten draum om å ein gong befinne meg ein stad slik at eg kan vere menneske bak kamera på dette biletet! Biletet over er forresten ikkje frå rommet mitt.

Likar du slike bileter?

VESKE FRÅ RI






Wii, så fin! Etter at mi gamle falske alexander wang-veske vart øydelagt, har eg leita etter ei ny, men eg er kjempekresen på veske. Eg ville ikkje betale så mykje for den, fordi eg gidder ikkje å bruke alle pengane mine på éin ting. Denne er frå river island, og kosta ca 200kr. Den har akkurat plass til min 13" macbook pro, ladar og kamera; perfekt. Eg håpar og trur denne varer leenge!

Synes du ho var fin?

black pumps

NLY shoes






Åå! Dei er så fine! Kor fint det blir når eg går på dei, er ein annan sak. Eg er faktisk utruleg dårleg på det, difor går eg ikkje så mykje med høge hælar. Eg har sett etter slike lenge, og når eg fann dei så rimelege måtte eg slå til. Desse går jo til det meste, så eg skal nok få brukt dei!

Kva synes du?

RI WATCH


weho





Eg har lenge ønska meg ei slik klokke, for den eg har frå før har skinnreim. Då eg ikkje fekk ei til jul, kjøpte eg like gjerne ei sjølv. Den er frå River Island og kosta originalt 299kr, men eg kjøpte den på tilbod til 98kr. Du treng ikkje å gå så høgt opp i pris for å få ei fin og fungerande klokke. Eg hadde aldri prioritert å brukt tusenvis av kroner på ei klokke, når slike som desse er å finne. Dei er jo like fine? Det synes i alle fall eg. Sjølvsagt har dyrare klokker betre kvalitet og laga av andre stoff, men koman, det er så mykje anna ein kan bruke pengar på.

Kva synes du om dyre klokker?

Mine julegåver


Fekk ei eske med juice frå broren min :'D Fekk ei pcveske òg, men det fekk eg tre av. så eg har bytta to av dei.


treningstopp, thighs og bh - malakofftskjorte - tskjorte - cropgenser - sokkar - ullbuff - hatt/hue


laserlommelykt - smykke - kam - deksel - sportsarmband til mobilen(<3) - pudder og kost - selfiestang hahah


kopp og kakaofirkant(?) - massasjekake - pizzacutter fordi mitt søskenbarn trudde eg budde på hybel hahah, men den funkar jo like godt heime - syngande justinbiebertannkost


kattebøker og skilt - varmeflaske

telefondeksel  - treningsapparat - pcveske frå moods

Billett til Cirque du Soleil :DD - kjempedeilig teppe - kopp som er hyppig brukt til kakao dei siste dagane

Eg er kjempefornøgd med julegåvene. Tusentakk!

Kva var di favorittgåve i år?

Innkjøp frå Bergen



Omg eg elskar denne gensaren frå monkii! Panneband frå urban.


Treningsbh nike frå sportsgalleriet(?)



Diverse øyredobbar frå HM. Var nokre til, men hadde ikkje plass :PP



Ringar frå HM.


oh pretty. Treningsjakke frå sportsgalleriet. Har ønska meg ei slik lenge, så då eg fann denne på 50%, måtte eg gjere eit kupp. Til vanleg kostar jo slike jakker 700++, så eg var heldig med å få denne til 350:D


Superfornøgd med denne jakka frå monkii


Fresht skjerf frå urban


Dr denim plenty frå carlings. Kjøpte to stk, den andre har eg på meg i biletet under. 


Sko frå eurosko (Desse er kjøpt på Eid). Eg har lenge vore i manko på nokre sko som passar betre til den komande årstida. Heime har eg berre hatt converse og andre tøysko, så eg vil seie dette var eit nødvendig kjøp:')


I August bestilte eg macbook pro. Eg trong å laste opp eit skulebevis før den kunne sendast. Det var greit, men eg visste ikkje at det skulle ta tre månadar. Eg veit ikkje kva skulen/fotografen har styrt på med, men no fekk eg endeleg id-kortet, slik at macen kunne sendast. Herregud så lang tid! Eg har lånt macen til ei venninne i mellomtida, og har følt meg skyldig sidan skulen starta, haha, men no har eg endeleg fått levert den tilbake. Draumen om å vere fulkomen mainstreem er oppfyllt. Med mac, iphone, starbuckskopp og sengesett frå ikea å støtte meg på, kan eg trygt seie at eg er komplett. tulla

Kva synes du?

FISH EYE LENS

Heii! I går fekk eg den siste pakken eg har bestilt. Det tok om lag tre veker, men det er ikkje så rart i og med at den kom frå kina eller liknande (ebay). Den kosta berre 13kr, men den funka som berre juling. Eg kjem i alle fall til å ha det veldig kjekt med dette objektivet til mobilen, og du burde gjere det samme! Det er som sagt til mobilkamera, og ikkje til speilrefleksen min. Eg kan vise bilde av sjølve objektivet seinare. Her har eg nokre bileter vi tok på skulen ;D

pakke frå sheinside



Heii! I går mottok eg ein pakke frå sheinside som eg bestilte for ca to veker sidan. åhh, pakkar i posten er så kjekt! Det eg likar med den sida er at det er så utruleg stort utval, samtidig som prisane er veldig overkommelege. Eg tenkte i alle fall at eg skulle vise det eg klikka heim no.

Ein kvit cropped pullover.


Dette utruleg fine smykket med freske fargar.


Då eg såg denne toppen med kattar, kunne eg ikkje motstå!


Store øyredobbar er min favoritt.




Dette er innkjøpet eg desidert er mest nøgd med! Åhh, eg elskar gensaren, og så har den sånn deilig glatt stoff i tillegg. Eg trur dette er det finaste i klesskapet mitt at the moment.

Har du nokon gong bestilt frå sheinside?

False lashes

Heisann sveisann! I dag mottok eg ein pakke i posten frå blush.no, og inni den låg der eit par lausvipper. Eg er utrulig dårleg på sminke og hår og ting jenter eigentleg burde vere ekspertar på, så det kom ikkje som noka bombe at eg sleit med å setje på desse. På biletet under er dei eigentleg heilt skeive og lause, men eg var heldig med biletet, haha. Mine naturlege vipper er kjempekorte, så mascara gjer eigentleg ikkje det store utslaget på meg. Eigentleg hadde det finaste vore vippeextensions, men det er desverre utanfor min økonomi. Eg skal bruke desse i ein bursdag i morgon, så eg håpar eg klarar å setje dei på. Men det står at man trenge lim, men det fulgte ikkje med? Kan ein kjøpe lim for seg sjøl? heh.. wow, skreiv eigentleg fire gongar




Dette synes eg var ganske kult. Sollyset gjennom vindauget gjorde at det kom ein naturleg light leak.


Eg er veldig klar over den overredigerte huda mi, men eg orka ikkje å redigere bildet så nøye for det er vippene som er poenget :´)

Likar du å bruke lausvipper?

grøne, runde solbriller




Oppdagelsen av ein edderkopp éin meter i frå meg

Eg har aldri følt meg fin eller synes at mitt ansikt har passa bak eit par solbriller, men ein må nesten bruke det i sterk sol. Difor såg eg meg heilt nødt til å kjøpe eit par i syden. Eg enda utrulig nok opp med så spesielle solbriller som dette. Eg synes runde solbriller er kjempekult, og stilen som passar til.

Kva er ditt forhold til solbriller? :')

Les mer i arkivet » Oktober 2016 » August 2016 » Juli 2016

bilde bilde bilde bilde
- FØLG MEG -



- DAGNY SUNDE - 1998 -

Trening, sosialisering, piano, fotografering

Kontakt:
dagny_selma@hotmail.com

Legg gjerne igjen ein kommentar, så tar eg ein tur innom din blogg!



LEGG MEG TIL SOM VENN!
























hits