Sommarantrekk











Hahahhahah, det som er så utruleg morsomt med desse bileta, er at ein ser så godt at eg har redigert huda på låra mine. Så sjukt amatørmessig, eg gidder ikkje å eingong prøve å late som. Hahah, lol. Jaja. Samtidig som eg stod midt på parkeringsplassen og modellerte framfor kameraet for meg sjølv, stod tanta, Eilif og mamma sju meter lenger borte og mala garasjen og såg på meg, i tillegg til at hundretusen bilar køyrte forbi på motorvegen som er rett ved sidan av. Ikkje nok med det, så gjekk det også massevis av folk forbi. Så eigentleg er alt med desse bileta kleint.

Shorts frå Levis og genser frå BikBok

Kva synes du om antrekket?

Pulserande songar som gir motivasjon

Vi veit alle at det er mykje enklare å halde oppe tempoet på trening dersom det er likt tempo i musikken. Eg merkar at så snart det kjem ein roleg song på øyra, så begynner eg automatisk å, til dømes, sykle saktare. Her har eg samla 10 av mine favorittsongar som eg høyrer på på trening.

ay8LntsNjnU
Alex Mattson - UFO ft. Solamay
 
gNWATpE07j8
Big Gigantic - The Little Things ft. Angela McCluskey
 
Z6mjjIJmg78
Young Jeezy - Put On ft. Kanye West
 
XxGmgmelZV0
Bro Safari - The Drop
 
12CeaxLiMgE
Dillon Francis, DJ Snake - Get Low
 
oRSijEW_cDM
Gesaffelstein - Pursuit
 
muOtHTE8oHk
Karma Fields - Greatness ft. Talib Kweli
 
tpleNoWqvsc
Major Lazer - Night Riders ft. Travi$ Scott, 2 Chainz, Pusha T, & Mad Cobra
 
Steve Aoki, Chris Lake & Tujamo - Boneless

3Q9rewnLFYw
Flux Pavilion - I Can't Stop

Har du nokre gode songar på lur?

Veka som gjekk #2

God morgon! Her ligg eg i hagen og solar meg, medan eg tenker over veka som har gått. Det har vore sommarveir kvar dag (unntatt lyn i går!), og det har generelt skjedd ganske mykje forskjellig denne veka. Av den grunn, har eg tenkt å ta ei lita oppsummering.

Vekas høgdepunkt
På måndag var eg ferdig med franskeksamen, og det feira vi med å dra på telttur på fjellet. Det var kjempekoseleg. Gler meg til fleire teltovernattingar i skogen framover. På fredag var Oline, ei eg møtte på språkreisa, på gjennomreise forbi Eid. Då måtte eg sjølvsagt møte ho og slå av ein prat. Sjølv om dei ikkje kunne vere her så lenge, så var det utruleg kjekt å sjå ho igjen!

Vekas song
Etter franskeksamen har eg vorte heilt hekta på Louane, ei fransk sangerinne. Ho er ikkje så gamal, og eg trur ho vart kjent gjennom ein talentkonkurranse. Det er spesielt songen Jour 1 som har okkupert hjerna mi denne veka. Eg har til og med lært meg den på piano.. Den er jo kjempefin!

Vekas latter
På onsdag var eg, Mariel, Charlotte og Kristina ute i gummibåt og rafta. Det var berre fryd og gaman ned elva, heilt til vi kom til havopninga. Då begynte Mariel å stå i båten som om det var ein gondol, og det synes jo eg var superkult. Eg tenkte at dette kan eg få til, keine problem. Så eg plasserte beina på midten av båten, og medan eg reiste meg tenkte eg "hey, ditta går jo!". Sekundet etterpå flyr eg i saktefilm bakover, og båten fulgte etter. I sjokk over at eg faktisk datt ut i elva, båten oppned, og tre tilskodarar med latterkrampe, var det einaste eg kunne tenke på, den nye gensaren min som låg i båten. Eg fekk redda den, men merka ikkje før eg hadde kome på land at handkleet låg igjen på havsens botn.

Vekas gullkorn
Då vi var på teltturen, drog og eg Charlotte opp før dei andre. Vi planla i ein time at vi skulle pranke Ingvild då ho kom. Medan vi stod i grusvegen midt i ein intens samtale om livet, ser eg plutseleg i sidesynet at Ingvild er fem meter vedsidan av oss på veg opp stien. Altså, ho hadde vore i mitt synsfelt minst 15 meter, om eg berre hadde snudd hovudet to centimeter. Mislykka prank...

Vekas nedtur
Kl 01:00 i natt når eg, Thea, Charlotte og Elisabeth skulle køyre heim frå Rigmor, skjedde det noko heilt uventa. Vi køyrte på motorvegen, og plutseleg såg vi at det satt noko i vegen. Eg trur ikkje eg tullar når eg seier at dersom vi hadde bremsa 1 sekund seinare, så hadde vi køyrt på det. Vi gjekk ut av bilen og fann raskt ut at det var ei ugle. Ho blødde ut munnen, og satt berre heilt i ro og såg svimmel ut. Vi ringte til dyrlegen og politiet og prøvde å få tak i viltnemnda. Politiet sa at vi måtte avgjere om vi skulle setje ho igjen i skogen, eller avlive ho sjølve. Korleis skulle vi vurdere om ho var sjuk nok til å avlivast? Det var faktisk utruleg frustrerande. Etter nokre samtalar utan hell, enda det med at dyrlegen kom ut. Ho var veldig forståelsesfull og flink. Det enda med at ho avliva ugla medan eg holdt klørne. Det var ei så spesiell oppleving, og eg trur ikkje ein forstår korleis det føles, med mindre ein står oppe i ein slik situasjon sjølv. På det tidspunktet vi trudde at vi måtte avlive ho sjølve, stod vi alle saman og grein og visste verkeleg ikkje kva vi skulle gjere. Vi følte på ein måte at vi vart kjent med ugla. Det høyrast kanskje overdramatisk ut, men eit liv er eit liv, og det er like mykje verdt uansett kva.

Vekas tanke
Denne veka har eg faktisk tenkt veldig mykje på kva eg skal gjere etter VGS. Eg har kome fram til nokre alternativ, men eg framleis utruleg usikker.

Vekas craving
Frukt har eg hatt lyst på heile veka. Eg er veldig glad i frukt frå før, men når det er slikt veir, så får ein alltid meir lyst på noko friskt og godt å knaske på. I skrivande stund et eg eit eple, haha!

Vekas film
På tirsdag såg eg ein relativt ny film som heiter How to be single. Den var ganske morsom!

Har det skjedd noko spesielt med deg denne veka?

DEN NYE STORE FOTBALLSTJERNA - VIDEO

Eg og Elisabeth har som sagt laga litt filmar i det siste, og den trenden må vi sjølvsagt halde i live. I dag møter dokke ein ung gut med eit stort talent og ein stor draum.
Qk-zKiE8u10

Kva synes du om filmen?

10 ting eg liker

Norsk natur (om sommaren) er så fantastisk. Altså, eg vert heilt fascinert. Det er så flott å sjå opp på fjellsida når den er frodig og grøn, eller å gå inn i barskogen når sola skin gjennom greinene. Ahh, beautiful.

Trening er noko eg bruker veldig mykje tid på. Eg liker mange ulike aktivitetar, men spesielt styrketrening.

Turbulens heiter venninnegjengen min. Den er for meg utruleg viktig. Eg trur berre det er vi i turbulens som forstår kor bra vi har det saman. Eg er så glad for at eg har ein slik gjeng, for vi har det verkeleg topp. 

Fotografering, hobbyen min. I det siste har eg også filma ein del. Eg lurer på om eg skal tenkje på denne interessa når eg skal velje studie...

Ha fullt program elskar eg. Dagar som er stappfulle er kjempekjekke. Då slepp eg å sitje heime og lure på kva eg skal gjere på.

Reise. Kven liker vel ikkje å reise? Det er så spanande å oppleve andre kulturar, og lære nye ting.

Sommardagar med bading, grilling, soling, vener, you name it.

Sommarkveldar fortener også eit eige punkt. Når du sit ute i hagen saman med venane dine, høyrer på koseleg sommarmusikk, snakkar om dagen, og det er varmt nok til å sitje i singlet og shorts.

Shopping i andre land er så mykje meir spanande enn shopping i Norge. 

Når folk fortel morsomme historier frå kvardagen sin høyrer eg godt etter. Eg elskar å få høyre dersom det har skjedd noko hysterisk i heimen til nokon. Det er verkeleg kjempeartig.



Kva liker du?

Slik bygger du rumpe- og beinmusklar

Heilt sidan slutten av niande klasse, har eg trena vekter. Det var i november i tiande at eg begynte å trene skikkelig regelmessig, og eg merka raskt at eg fekk meir musklar. Etter ein dårleg treningsperiode i september i fjor, møtte eg oktober med ei veke i Frankrike. Der vart det kanskje 3 små treningsøkter, altså ikkje så mykje å skryte av (for å vere meg). Ein av dei siste kveldane i Frankrike låg eg i senga og tenkte at no var det verkeleg på tide å kome back on track. Difor sette eg opp eit treningsprogram som hadde vekttrening frå mandag til fredag. Eg var så motivert og bestemt, at då eg kom heim att, begynte eg rett på planen dagen etter.

Heilt sidan midten av oktober i fjor, og fram til i dag, har eg trena vekter 4-6 gongar kvar einaste veke. Eg merkar kjempegodt at eg har fått så mykje igjen for det. Eg har blitt mykje sterkare, fått større musklar, spesielt i beina, og eg har nådd nokre av måla mine (blant anna å lyfte 70kg i benkpress).

No vil eg vise dokke beinøvelsane som eg har brukt det siste halvåret, og som eg verkeleg har merka resultat av. Teknikk er også utruleg viktig når ein skal lyfte vekter, og spesielt frivekter, for det er så lett å stabilisere feil, og få skader.


Beinpress - Dette er ein kjekk øvelse, fordi ein klarar å lyfte mykje på den.
Box jumps - eg elskar denne øvelsen, for det er på ein måte litt uthald også. Perfekt å gjere rett etter oppvarming på anten sykkel, tredemølle eller ellipse.
 

Bulgarsk utfall - dette er desidert den verste øvelsen. Den er grusom, men fysøren så god den er.
Frontbøy - Eit alternativ til knebøy. Den er meir skånleg, og også meir funksjonell.


Knebøy - tar på alle musklane i beina, og gir gode resultat.
Leg extensions - kjempebra for låra. Denne svir.

Markløft - Utruleg god øvelse, men du må ha riktig teknikk. Det er veldig lett å skade seg i ryggen.
Wall ball - Denne liker eg også kjempegodt. På same måte som box jumps, er dette også litt uthald. Her bruker eg å ta mange repetisjonar.

Eksempel på program: (eg gjer ikkje alle øvelsane på ei økt!)


Har du nokre gode beinøvelsar?

Kva skal vi med skjønnlitteratur?

Menneska må verte opplyste. Vi ser rett forbi kva som eigentleg utspeler seg framfor auga på oss. Sjølv med tilgang på alt av faglitteratur og oppslagsverk vi nokon gong kan tenkje oss, sit vi framleis som nokre amøbar framfor TV-skjermen. Vi et alt av kunnskap som tv-profilane og hallodamene porsjonerer ut etter ei nøyaktig vurdering av kva som gagnar sjåartalet og inntekta best. Det er desse menneska som set kunnskapen i hovuda våre, og det er dei som bestemm alt vi skal vite om samfunnet og verda. Vi har ikkje lært noko anna om livet enn det vi ser gjennom nyheitene som er sila for at vi skal stole blindt på det, og då kjem spørsmålet mitt; Skal vi bruke tid på å sitte og lese om at skoen passar Oskepott, og om guten som aldri vart stadfesta som barn, men møtte draumedama og levde lukkeleg alle sine dagar?

Ja, det skal vi. Skjønnlitteratur kan på mange måtar setje problem under debatt, og sjangeren er heilt klart samfunnsnyttig. Det er i slike tekstar vi lærer om kvarandre, og om samfunnet rundt. Kanskje kan vi lære like mykje om verda gjennom skjønnlitterære tekstar, som det vi kan gjennom faglitterære. I romanar og andre forteljingar har forfattarane frie reimer til å skrive om nøyaktig kva dei vil, og dei har moglegheita til å utfalde seg om livet, kva som er rett og gale, verdssamfunnet og korleis samspelet i mennesket sin natur fungerer.



Året 1872 uttalte Georg Brandes seg i Hovedstrømninger i det 19de Aarhundredes Litteratur, om nettopp dette temaet. Skal vi tru på Brandes, vil litteratur miste all si betyding dersom den ikkje set problem under debatt. Det er eg nokså einig i. Oppdikta litteratur bør ha noko samanheng med samtida, og ha eit bevisst bodskap for at det skal fengje lesaren. Dersom skjønnlitteraturen tar for seg dagsaktuelle tema på ein indirekte måte, vil undervissheita reflektere over problem i samfunnet. Det kan resultere i nye og betre løysingar på ulike funksjonar og system som sviktar i dagens samfunn. Med det sagt, er det mange gamle tekstar som framleis er samfunnsnyttige, i og med at vi har mange av dei same problema og utfordringane i dag, som det dei hadde for 100 og 200 år sidan.

Det viktigaste i livet er deg sjølv og menneska rundt deg. Heile levetida di må du samarbeide med, og ta omsyn til ulike personlegdomar, difor er det alfa omega å vite korleis ein skal gripe an det sosiale liv. I situasjonar der tvilen og angsten kjem snikande, er skjønnlitteratur kanskje det beste oppslagsverket, sidan historier oftast er basert på erfaringar og oppfatningar frå det verkelege liv. I science fiction er det kanskje ikkje like enkelt å finne rettleiingar til din eigen kvardag. I den type litteratur liker forfattarane å leve seg inn i verd som resten av befolkninga endå ikkje har kome på å tenkje på. Tor Åge Bringsværd sa så fint i 2007: "En science fiction forfatter ser på sin samtid i lys av morgendagens muligheter". Science fiction-forfattarane hjelper oss med å stadig tenkje framover. Fantasien får sitt utspring, og gamle idear vert kokt i hop i nye samansetningar. Slik kan ei stabil utvikling i teknologi- og vitskapsverda oppretthaldast på både godt og vondt, og samfunnet går framover på rullande hjul. Eg trur evna til å tenkje kreativt og nyskapande vert framheva av å lese skjønnlitteratur.

"Fra det ubevisste sjeleliv", skreiv Knut Hamsun i 1890. Han meinte at skjønnlitteraturen var overflatisk, og ein ville ha fanga eit viktigare tema dersom ein skreiv om det ingen tør å snakke om. Om "de hemmelige bevegelser som delikate fantasiliv holdt under lupen", "sporløse reiser med hjernen og hjertet", og generelt "hele det ubevisste sjeleliv". I følgje Hamsun var det slike sårbare og runde karakterar som var realistiske, i motsetning til dei vanlege "typane" som gjekk igjen i alle forteljingar. Samstundes trudde Hamsun at ein del av publikummet ville falle av, men ei djupare form for litteratur hadde vore verdt det, fordi tannhjula i hovuda til menneska hadde tatt seg nokre ekstra rundar. Såleis hadde vi fått eit meir reflektert folk som las om sjølvkjensla til oppdikta figurar og andre viktige tema.

Utkopling er ein undervurdert, men viktig grunn til å lese skjønnlitteratur. Vi må alle kople ut iblant. Eg siterer Aslak Sira Myhre; "Å lese en bok gir deg en unik mulighet til å være en annen enn deg sjøl" (Dagbladet 13.11.03). Vi treng å ha ein stad å flykte når kvardagsstresset når toppen. Når oppvaskmaskina lek, middagen framleis står på bordet, dei nyvaska kleda ligg i ein ball nedanfor tørkestativet, og kroppen skjelv etter ein søkkvåt joggetur i haustregnet, då er det innafor å kaste alle uromoment på peisen. Ein har fortent å lene seg bak i stolen med god samvit og la tankane gli inn i ei oppdikta historie der fantasien kan utfalde seg fritt. I nokre timar har ein sjansen til å kople heilt ut, gløyme alle forventningar, og berre vere karakteren i boka. Somme gonger treng hjernen utkopling, og skjønnlitteratur er ein fantastisk måte å oppnå den roen på. Sidan kan ein ta igjen alt ein gjekk urydda i frå.

Utan skjønnlitteratur ville mange ha mista ein essensiell måte å uttrykke seg ekspressivt, og vi ville ha gått glipp av ein haug av godt lesestoff. Bøker kan vere ein fluktveg, og er for mange eit meiningsfullt tidsfordriv når nyheitene på TV-skjermen blir litt for intense.

Treng vi, eller treng vi ikkje skjønnlitteratur?

HEIMELAGA KOMEDIE

Heisann! Atter ein gong er Dagny og Elisabeth ute med ny film. Denne gongen har vi satsa på komedie. Vi håper du liker den!

Ellers har eg gjort ganske mykje kjekt det siste døgnet; klokka halv åtte var eg og Charlotte komne opp på vårsetra med liggeunderland og sovepose. Etter ein god time kom Ingvild med sin sovepose, og vi tre satt lenge oppei skogen og ropte etter ulike dyresortar. Teltet kom saman med Elisabeth kl halv ti. Då var vi ganske kalde, men etter ein 15-minutters sette-opp-teltet-session, vart vi litt varmare. Vi sov fire stk i eit telt som er tileigna to. Eg trur eg aldri i heile mitt liv har sove så trangt, det gjekk seriøst ikkje an å snu seg. Det var kjekt likevel, og bydde ikkje på så store problem eigentleg. Det er meldt knallveir heile denne veka, så eg gler meg til kva vi skal finne på!

Kva synes du om filmen?

Sommarferie i mai?

Då var franskeksamen overstått, dagens treningsøkt er unnagjort og eg har berre éin skuletime i morgon som startar kl 12:45. Livet smiler! Eg skulle leite på nettet etter eit fint sitat om livet, det eg fann var "Livet er den tiden det tar å dø".. Det syns eg var litt vel negativt. Uansett, franskeksamen gjekk ganske bra trur eg. Eg greidde å skrive nesten 1000 ord, og eg seier meg nøgd med det. No er det berre å vente på resultatet, og elles kan eg (nesten) ta sommarferie!








Eg tok med Guttane (ja, katten heiter det) ut i hagen. Eg trur han hata meg etter dette, for han var livredd og dritsur heile fotosessionen.

Er du ferdig med eksamen? Korleis gjekk det?

SJEKK UT VÅR NYE RAP

God morgon! Denne helga skulle eg setje av til eksamenslesing, og førebu meg skikkelig til morgondagen. Det einaste eg har gjort heile førebuingstida, er å lese eit lite teaterstykke på fransk. Franskeksamen er i morgon, men eg føler ikkje at eg tar det seriøst. Kvar er nervane? Og eg veit heller ikkje heilt korleis eg kan førebu meg. I stadenfor å øve, produserte eg og Elisabeth heile TRE filmar i går. Den eine skal de få sjå no. Det er ein rapsong vi har laga med melodien til vanilla ice. Vi er eigentleg kjempefornøgde, om vi får vere ærlege, hahah. NB! Ditta er noko vi gjer berre fordi det er morosamt. Vi trur ikkje at den faktisk er bra hahaha.

Dei to andre filmane kjem i løpet av neste veke.

Kva synes du om songen vår?

NY VIDEO

Hei! No har vi laga ein ny video. Det var eit prosjekt vi hadde i norsk. Eg, Benedicte og Joachim skulle lage eit forfatterportrett, og då valgte vi Henrik Wergeland.

G8jZlN8AECc

Kva synes du?

bomber bnw





JakkeBIKBOK GenserCUBUS BukseGINATRICOT SkoEUROSKO

Kva synes du?

SUNDEDAGANE

HEI! Denne veka har turbulens flytta inn hos meg, for mamma er nemleg reist på ferie. I går kveld vart ein lang kveld der vi hadde djupe samtalar om døden. I dag skal vi lage wok til middag, og forhåpentlegvis snakke om eit litt varmare tema. Eg trur mange er gira på å ha filmkveld i alle fall. Vi har innlosjert alle saman i stova, så det er veldig koseleg.

Desse bileta er frå ein dag vi var i jakthola og grilla.


meg, Rigmor, Elisabeth, Mariel, Christianne, Ingvild, Kristina, Thea og Charlotte
















Charlotte med turbolefsa si

Kva gjer du i dag?

17. MAI - ein biletserie

Dagen starta kl 06:41. Elisabeth ringte meg, og eg avslutta samtalen fordi eg trudde det var alarmen.

Kl.07:00 - Eg og Elisabeth gjekk "Revelja". Det er eit morgontog vi har her på Eid. I år var det dårleg oppmøte, med kun oss to bak korpset, men det var kjekt likevel.


Kl.09:00 - Eg hadde dusja og sminka meg. Så drog eg til Ingeborg og åt frukost saman med Ingvild og Ingeborg.


Kl.11:00 - Som vanleg samla vi oss på kyrkjetunet der vi åt is. På vegen heim møtte vi Torbjørn, så vi hang i hagen vår ei stund.


Eilif, Torbjørn, Silje og Rune




Etterkvart kom Kristoffer slik at vi fekk tatt det årlege biletet på steinen. Dessverre var ikkje Caroline til stades i år, men eg skal få redigert ho inn her.








Kl.17:00 gjekk folketoget av stabelen




Russen rulla for siste gong ;D


Kl.16:30 - Eg møtte Kristina utanfor Narvesen, så hadde vi ein liten isdate. Så drog eg heim i hagen der vi grilla med naboane.






Kl.20:00 - "Tappenstreken", det siste toget, gjekk. Eg tok berre bilete av det. Etter dette gjekk eg heim og la meg under dyna, fordi eg hadde hatt frosten i meg heile dagen, så eg var kjempekald.

Kva gjorde du i går?

SKRIFTLEG EKSAMEN

Heii! I går vart vi trekt opp til skrifteg eksamen. Det første namnet som vart opplest, var mitt, og i faget fransk! Når eg tenker på det, så er det det beste som kunne skjedd, i og med at eg fekk 6 på heildagen. Eg er så glad for at eg kom opp skriftleg, og ikkje må gå i éin månad og vente på å bli trekt opp til muntleg. No kan vi jo på sett og vis slappe liiitt meir av resten av året. Eksamensdatoen er 23.mai, så det er vel over ei veke til. No har eg mange franske døgn framfor meg i heimen.







Vart du trekt opp i skriftleg?

FULLKROPPSØKT

God morgon! I går kveld kl22 hadde eg og Elisabeth ei kjempegod økt på treningssenteret. Vi skulle eigentleg berre trene bein, men la på litt biceps og bryst på slutten. Etter gårsdagens opplevingar har eg innsett at eg seriøst har lyst å bli personleg trenar. I alle fall som ein sidejobb. Å trene andre er så gøy! Eg trur ikkje eg kan kome på noko eg liker betre enn trening, både for meg sjølv og i samspel med andre menneske.

Gårsdagens økt såg slik ut:

OPPVARMING:
1km på ellipsemaskin

BEIN:
Box jumps 5x10
Wall ball 4x15
Squat på step med kettlebell 20kg 5x10
Frontbøy 25kg 2x8, 27,5kg x8, 30kg 2x6, 35kg x10

BICEPS OG BRYST:
Benkpress 45kg 2x8, 47,5kg x8, 52,5kg x6, 55kg x4
Biceps flex 7,5kg 2x8, 10kg x6

AVSLUTNING:
Uttøying på heile kroppen


Eit bilete frå ein av dei nydelege sommardagane vi hadde denne veka. Eg er så fornøgd med at eg nytta dei for fullt med soling, grilling og fjelltur. Allereie har eg rukke å fått litt skille og ein del frekner!

I tillegg maxa eg 70kg i benkpress! Eg er så stolt, hahah! Prøvde meg på det tidlegare i år også, men då fekk eg det ikkje til. Det er så fantastisk å verkeleg kunne sjå konkret progresjon.

Trenar du på fritida?

Lunsjtips

No skal eg kome med litt gratis reklame til Fjordland og Tine her. Har dokke smakt dei nye (vertfall litt nye) havregrautane dei har komt med? Det er som yoghurtbeger, berre med anna innhald. Eg har levd på dette i tre veker no. Altså, eg kunne ha ete det til middag kvar dag liksom. Det er faktisk så godt. Så dersom du ikkje veit kva du vil ha til lunsj eller frukost, så anbefaler eg å kjøpe ein slik!











Har du smakt dei?

HILDE







min vakre ven

Minipizza - OPPSKRIFT



Ingrediensar:

Botn:

200 g sammalt speltmjøl

1 dl vatn

2 ss smelta smør

1/2 ts salt

 

Topping:

Her kan du eigentleg velje kva du vil. Eg tok tacosaus (hadde ikkje noko anna heime), kjøttdeig og ost.

 

Framgangsmåte:

Bland alt saman i deigen, kjevle ut til ein stor pizza eller mange små. Så enkelt er det. Deigen skal ikkje hevast. Sett pizzaen på 210 grader i ca 15 minutt.





KATTUNGAR













No er dei rundt to veke gamle, så alle har opna auga. Åå, så søte! Det er nesten som mise, hahah.

Innkjøp 06.05.16

Her er innkjøpet eg fekk med meg heim i går!






NYX matte lip cream i fargane SMLC 02 Stockholm og SMLC 03 Tokyo


Hettegenser frå ginatricot




Dette er den same gensaren som eg kjøpte i kvit på bikbok i Sogndal, men når eg såg den i grå, så måtte eg ha den òg, haha! Eg likar dei kjempegodt.




Eg mistar alltid den eine øyredobben, og spesielt når det er slike store og fine. Fysøren så irriterande det er! Difor må eg fylle på litt av og til. Desse er kjøpt på bikbok.






I førre veke greidde eg å slite den svare chokeren min... Når sommaren kjem, så må eg ha ein choker, så då vart det denne. Eg har nokre øyredobbar som passar till, så det blir bra. Eg synes dette smykket var kjempefint og sommarsleg. Også frå bikbok.

Om eg hadde hatt det så gøy kvar dag

I dag drog Charlotte, Kristina, Mariel og eg til MOA på shopping. Eg handla ikkje så mykje, men eg skal uansett vise det i morgon! Sidan kameraet var med, så kan eg fortelle etterkvart nedover.


Her var vi ca ferdige med shoppinga. Eg og Mariel klarte å utløyse ein alarm ved å flytte på nokre kamera, så det var jo kjekt


Vi kom for seint til ferga, så då satt vi oss ned med masse gode nøtter og venta. Her vart det fortalt mange festlegheiter.








Då vi skulle gå og sette oss i bilen, låste dei to meg og Kristina ute. Bilane begynte å tenne seg for å køyre ombord, og vi stod utanfor. Det heile var eigentleg veldig morsomt, men så begynte bilane å køyre, og låsen hadde gått vrang. Eg og Kristina sprang på sida av bilen, medan Mariel og Charlotte holdt på å grine av all sminka av lattertårer, og eg og Kristina var på utsida og geispa etter luft. Heilt seriøst, eg kan ikkje kome på førre gong eg lo så mykje. Eg trudde i 1 sekund at eg ikkje skulle få nok oksygen i lungene mine til å leve.


modell

Kva har du gjort i dag?

DUGNAD

Himmelspretten vart brukt til raking av daude kvistar i bakken ved hytta, familiesamling rundt blomkålsuppegryta, og ein fin, liten fjelltur saman med min gode nabo, Kristoffer. Dagen har vore ganske fin, sidan den har minna meg ganske mykje om sommarferie!

























Kva har du gjort i dag?

Den beste serien eg nokon gong har sett


Generasjon 1

Eg veit ikkje kvifor, men denne serien traff meg. Eg elskar karakterane, og måten dei framstiller ungdomstida satt på spissen i denne grada. Det er mykje eg kjenner meg igjen i, men samtidig er det heilt motsett av mitt liv. Serien tar opp problem man møter i livet, og viser eigentleg mykje åtferd som ein ikkje bør gjere. Oppturar blir dyrebare i eit uryddig og miserabelt liv.


Generasjon 2

Serien har 7 sesongar, men berre rundt 10 episodar i kvar. Sesong 1 og 2 handlar om Tony og hans vener, sesong 3 og 4 handlar om Effy (søstra til Tony) og hennar vener, medan sesong 5 og 6 handlar om eit nytt sett med vener. Sesong 7 er litt spesiell, for der møter ein igjen folk frå dei gamle sesongane, og vi ser kor dei er komne no. 3 og 4 var mine absolutte favorittar, men eg likte veldig godt 1 og 2 også. Cook frå sesong 3 og 4 er min utkåra favorittkarakter! Ååå, det er berre eit eller anna med han.


Generasjon 3

Har du sett skins? Kva er din favorittserie?

PINEAPPLE









Eg skar opp ananas, hadde kokos over, tok desse bileta, sette frå meg skåla, og gløymte å ete det. Haha. I dag skal Rigmor overnatte med meg, og det blir kjempekoseleg. Vi har nemleg historieprøve i morgon, så vi skal øve til den. Eg må faktisk få 5 på den viss eg skal ha 5 i standpunkt. No har eg skreve det her, så då må eg verkeleg klare å få det òg, ellers blir det jo litt flaut. Neida. Herrejesus, eg merkar så godt at vi nærmar oss slutten av skuleåret. Det er prøver i hytt og gæver, og eg føle livet mitt aleine går ut på berre skule for tida. Dei siste vekene har vi hatt sju prøver, og neste veke har vi tre prøver. Etter det er det berre å krysse fingrane for å ikkje kome opp i økonomistyring til eksamen!

Kva vil du kome opp i til eksamen?

Rastafletter og alternativt val av morgonrutine


meg og min bror på laurdag


Det som skjedde her var følgjande: Klokka var to på natta, og det mest rasjonelle eg kunne kome på å gjere, var å flette rastafletter på meg sjølv.
Eg fekk ikkje tid til å ta dei ut i dag tidleg, så eg gjekk med halve håret i rasta på skulen i dag.


Sjølv om det er ganske dritveir i dag, så er det samtidig veldig friskt, I like it




Eg måtte lane gymkle med venane mine i dag, for eg vart så opptatt av flettene og den merkelege blå eyelineren i dag tidleg, at eg gløymde gymbag.


omg how pretty smile


Oi såg ikkje før no at den eine strikken har revna..


Jeho

I dag har vore ein bra dag, eigentleg. Eg fekk igjen heildagsprøva i fransk, med karakter 6!!! Eg vart så glad:D Og så hadde eg ein bra gymtime, og no skal eg stikke til Kristoffer og sjå paradise. Seinare skal eg på treniiiing, og så har vi fri i morgon!

Kva er dine planar for dagen?

! H I L D E !














Vi tok desse bileta ein dag Hilde var på besøk hos meg!

Kva synes du?

Les mer i arkivet » November 2016 » Oktober 2016 » August 2016

bilde bilde bilde bilde
- FØLG MEG -



- DAGNY SUNDE - 1998 -

Trening, sosialisering, piano, fotografering

Kontakt:
dagny_selma@hotmail.com

Legg gjerne igjen ein kommentar, så tar eg ein tur innom din blogg!



LEGG MEG TIL SOM VENN!
























hits