Blomar









Kva synes du om bileta?

Gode deg

Hei alle sammen. No er det ganske lenge sidan eg har blogga her. Det har skjedd så utruleg mykje dei siste dagane. Den siste veka har dagane gått i latter, seine kveldar, malakoff, og mange tårer. Søvnen har blitt nedprioritert, og dagane har sklidd inn i kvarandre slik at eg slit med å skilje dei frå kvarandre. Eg skriv eit innlegg no fordi at i natt, så forhindrar alle tankane meg i å sove. Eg slit litt med å få sove til vanleg, men i kveld rasar ord og bilete rundt i hovudet mitt som aldri før. Ord, berre fattige ord, kva verdi har dei eigentleg? Dei kan høyast verdilause ut, men samstundes er det så godt å få snakka. Å fortelje korleis ein har det, korleis ein opplever situasjonen, og få hjelp til å føle seg betre. Vi treng ord for å uttrykkje oss, men ofte er det like godt å ha ei skulder å gråte på. Somme gonger er det kun det som trengs.

I hovudet mitt surrar det så mykje at eg er nøydd å få det ut ein stad. Dette er plattforma eg vel å dele det på.

Eg hugsar då vi var små, og eg var på besøk hos deg. Mora di laga pannekaker til oss, og så las ho ei bok om eit grønt monster. Eg trur du vart sint, eller redd. Du sprang i alle fall opp på rommet dit og grein. Eg hugsar også bursdagsfesten din på barneskulen då du inviterte heile klassa. Det var så kjekt. Då var vi alle samla, slik vi var samla på mandag. Det såg ut som at du hadde det veldig kjekt i helga og på mandag, og eg er så takknemleg for at du fekk ei fin avlsutning, og at vi fekk vere ein del av den.

Tomhet. Eg veit ikkje kva eg skal seie. Det er vanskeleg å forstå og innsjå at det som har skjedd, faktisk er verkeleg. Men det er realiteten, og vi er nøydde til å godta det, og halde fram. Alle saman tenkjer på deg, og vi hugsar deg som den artige guten med dei teite kommentarane og eit konstant smil om munnen. Ein må mimrast om det som har vore, og ta med seg dei gode minnene vidare. Når eg tenkjer over det, så har eg kun gode minner om deg. Gode deg.

Sov godt <3





 

Dandelion dead






BILETA ER TEKNE I RANDEBYGDA :)

I dag er min første fridag på to veker, og den har eg brukt på å gjere alle mulige ærend som eg ikkje har hatt tida til tidlegare. Til dømes å utvide lånefristen på biblioteket, sidan eg absolutt ikkje er ferdig med bøkene. Eg har også gått litt rundt og handla forskjellige ting til hyttetur og sånn. No skal eg lese litt meir, og så skal eg ta meg ei lita treningsøkt på studio. Til min store fornøyelse var det forholdsvis fint vêr i dag, i motsetning til dei to regnfulle føregåande vekene.

Kva skal du i dag?

Ekskursjon i pissregnet

Heisann! Som sagt var eg og tanta på ei lita utflukt i går kveld. Vi gjekk i pissregnet opp mot Ossetra rundt kl 19. Seriøst, det hølja ned og gjørma i den bratte stien var kjempeglatt! Men vi kom oss opp og fekk skreve oss i boka. Deretter låste vi oss inn i selet til Janne og fyrte i ovnen. Tanta hadde laga til lefserullar med ruccula og spekeskinke, så det åt vi medan vi spelte kort og las "Det nye" frå 1983. På kvelden fekk eg lest litt meir i boka mi "Professor Hieronimus" av Amalie Skram, og no har eg berre 60 sider igjen! Woho, eg teller ned.


Dette er selet vi sov i. Kjempekoseleg inne!


Vakkert




Her tørka vi det klissblaute kleda, men dei vart pikadet ikkje tørre til i dag tidleg! Så då gjekk vi likesågodt med pysjen under regnkleda ned igjen.




Tanta fiksar











Vi begynte å gå heim att i halv ti-tida, og var nede om lag ein halvtime seinare. Det var kjempeglatt å gå ned, så det vart nokre knall og fall, men ingenting alvorleg heldigvis! Eg elskar å gjere slike ting, det er så kjekt å fylle dagane med noko, og å ha noko å tenke tilbake på! Det gjorde liksom ingenting at det hølja ned og var 14 grader. Det er berre å kle seg godt og planlegge, så blir turen fin nesten uansett.

Likar du utflukter i naturen?

 

SOMMARFERIE!

Hei! Eg mimrar tilbake til for fjorten dagar sidan. Då hadde eg nett vore i Barcelona, og snakka flytande funky fresh. No, etter to veker i 100% stilling på Lagerutsalget, har mitt muntlege vokabular endra form til andre generasjons eidadialekt. "Var buksa store nuk?" og "dinna hång ikkje sånn i dag tidlig", er berre to døme eg har tatt meg sjølv i å spy ut. Det blir godt med litt ferie slik at eg kan kome tilbake til den eigentlege meg. Forhåpentlegvis kjem det nokre engelske songar på Malakoff, der eg kan plukke opp eit par snedige rhymes som kan tilføyast i ordforrådet mitt før skulen startar.

No har eg vel ei veke fri som skal nytast til det fulle. I dag er planen å gå på fjellet i pissregnet og overnatte i eit sel saman med tanta. Elles skal eg fylle dagene den komande veka med masse aktivitetar, styrketrening, turar, venesamlingar og malakoff!





Jobbar du i ferien?

Galne grisar







sauder*

HOMLE





Eg satt så lenge på bakken og knipsa for å få desse bileta, hahah. Tok sikkert 100 bilete, homlene ville jo søren ikkje sitte i ro!

Kva synes du om bileta?

Barcelona outfit!





Solbriller frå Pull&Bear

Genser frå Oysho

Shorts frå Levis

Sko frå ein butikk i St. Jean de Luz

 

Kva synes du?
 

 

Båtsilhuettar









Dette var frå ein fin båttur nokre dagar før skulen var slutt. No fekk eg kjempelyst å rafte!

Veka som gjekk #3

Vekas film
Eg har ikkje sett noko film denne veka, men eg har derimot oppdaga ein ny serie. Kvifor i all verda har eg ikkje sett på Modern Family før? Det er jo min humor tatt på kornet. Eg har riktignok ikkje sett så mykje endå, men jaggu klarar eg kanskje å fullføre denne serien.

Vekas craving
Denne veka har eg ikkje crava noko spesiell mat. I stadenfor har eg hatt eit slikt sug etter sol og sommar! Veit at eg nemner det til stadigheit, men kom igjen! Kva slags sommar er dette?

Vekas tanke
Denne går litt hand i hand med førre punkt. Hovudet mitt denne veka har vore veldig innstilt på reise. Eg har, som sagt tidlegare, vore oppe og leita etter flyturar rundt omkring i heile Europa. Eg vil så gjerne reise på tur til varmare strøk!!!

Vekas nedtur
Gjett kva som skjedde i går natt! Vi møtte sjølvsagt på ein skada fugl i køyrebana. Atter ein gong kl02 på natta. Så rart at dette skjedde igjen! Denne gongen var det ein måse, og den var i stand til å spinge. Då vi prøvde å nærme oss, sprang den berre vekk med den blodige vinga på slep, så vi hadde ikkje sjans å nå den. Vi måtte berre reise heim att.

Vekas høgdepunkt
Bingokvelden på onsdag var altså vekas høgdepunkt. Vi var omtrent halve turbulens pluss Ådne. Herregud for nokre vitsar og historier. Det var utruleg kjekt, og vi haldt på heilt frå kl18 til kl02.



Vekas latter
Det skjer artige ting heile tida, og eg greier ikkje å trekke fram noko spesielt. Eller jo, i går satt vi og snakka og fortalte historier. Då fortalte eg om den gongen eg satt fast i vaskemaskina og vi måtte demontere heile skiten. Kor teit er ikkje det? haha, heldigvis var eg berre sju år. Framleis klarar eg ikkje å synes at det er berre morosamt, for eg hugsar så godt den ekle kjensla eg hadde. Alle stod rundt og såg på og lo, medan eg sjølvsagt var redd. Eg trur aldri eg har følt meg så hengt ut, så det tok veldig mange år før eg faktisk greidde å le av det. Til og med no, 11 år seinare, liker eg ikkje at folk tar det opp.

Vekas song
EEG HAR FUNNE meg ein ny favorittsong! Fyflate, den er fantastisk. Denne kjem til å bli spelt så mange gonger framover! Nemleg "Siloen min" av Honndalen soul og funkarlag. Berre namnet på bandet, gjer den verdt å høyre på.

3-DC2Wkp6KY
 

Vekas gullkorn
Elisabeth var på jobb. Hennar sykkel stod i min garasje. Eg sykla på min sykkel og besøkte ho på jobb. Der fann vi ut at eg skulle sykle heim, og så sykle hennar sykkel til jobben, slik at ho kunne ta den med seg heim att. Eg sykla heim, gjekk av min eigen sykkel, og gjekk inn i huset for å legge frå meg noko. Deretter gjekk eg ut igjen, sette meg på sykkelen og begynte å sykle. Etter litt såg eg ned og oppdaga at eg satt og sykla på min eigen sykkel igjen. Då måtte eg berre snu og sykle heim att, slik at eg fekk bytta til Elisabeth sin.. Distré eller?

Kva har skjedd med deg denne veka?

 

Tropevarme


Klatremusa Rigmor. Denne gongen datt ho ikkje ned.







Åhh! Eg ønsker meg tilbake til dette veiret. Unnskyld for klaginga, men 12 grader og regn midt i juli, minner meg meir om då eg leika ute i barnehagen om hausten, enn om sommar. Sommar er mi favorittårstid, men det inneber jo at det må vere veir til å bade, ete is, gå på fjellet i shorts, og sole seg. Det er så irriterande at vi ikkje kan få den sommaren! Dei siste dagane har eg sett på alle moglege nettsider og leita etter billege flybillettar og hostell og charterturar. Det som er så innmari kjipt, er at eg blir 18 seks dagar før skulen startar, så då får eg jo eigentleg ikkje tid til å reise på nokon tur. I tillegg er det vanskeleg å finne billege billettar til akkurat dei ekstakte dagane. Skulle ønske eg hadde bursdag i starten av sommarferien, så kunne eg berre ha reist når som helst.

Er det sommarveir hos deg?

 

ANTREKK 07.07












JAKKE/MONKI - BUKSE/NELLY - GENSAR/BIKBOK - SKO/BARCELONA - ARMBAND/TEXAS (Gåve frå Ingrid) - ØYREDOBBAR/DIVERSE

 

KVA SYNES DU?

 

silver drops









Kva synes du om bileta?

 

NEW IN FROM EBAY

God morgon! No har eg faktisk mottatt alle pakkane frå ebay, så då skal eg vise fram fangsten min. 


Denne kule grøne leppestiften som vert rosa når du påfører den. Fargen blei faktisk veldig sterk, og eg likte den kjempegodt!


Vippeserumet frå etude house. Eg har lest litt om dette i ettertid, og har funne ut at det har eit veldig godt rykte på seg. Eg skal heilt klart ta denne i bruk for fullt når lausvippene fell av. Eg har nemleg satt på punktvipper igjen.


Desse punktvippene er det eg har sett på. Vippene såg veldig mykje meir ekte ut enn dei førre eg hadde på, og det var ganske enkelt å feste dei med denne limen. Anbefalast! No har eg hatt dei på i tre dagar allereie.


Har enno ikkje hatt bruk for øyreproppforgreinaren, men det er alltid godt å ha i bakhand. Dekselet passa også til kameraet! Lyseøyredobbane er eg litt usikker på om dei faktisk fungerer. Prøvde dei gule, og det viste litt. Er det slik at eg må lyse på dei først med lommelykt? Veit at nokre sjølvlysande ting er fungerer slik.


Levis shorts 501, farge: light blue, pris: ca. 320kr med frakt. (Tenkte det kunne vere interessant). Eg er kjempefornøgd, sett vekk i frå at den var aaltfor stor. Litt kjipt, men eg føler den funkar likevel. Kan jo bruke belte.


Her er Skin Food. Det er nokre slags kviseplaster. Eg fekk spørsmål om eg kunne skrive om dei dersom dei fungerte. Eg var i hovudsak skeptisk, men jaggu vart eg positivt overraska. Eg plasserte plastera over nokre ureinheiter ei natt, og neste morgon hadde innhaldet i kvisa blitt "sugd" ut. At dei verkar, er eg så glad for! Eg føler at ingenting av kremar og slikt fungerer på kviser. No lurer eg berre på kvifor eg ikkje kjøpte fleire pakkar...


Ei mobiltett (hahahha, meinte vasstett, men det var for morsomt til å endre) lomme til mobilen. Denne kjem godt med i sommar!

 

Har du kjøpt noko lurt på ebay?

 

 

PINK CATS





No er det om lag berre ei veke til kattungane skal flytte ut. Eg er eigentleg ikkje så veldig mykje heime, så for min del er det ikkje så veldig trist. Eg håpar likevel at dei får fine heimar å bu i! Denne veka jobbar eg måndag til laurdag, og likeins neste veke. Etter det er det nokre dagar fri før malakoff! Herreguud, eg gler meg så mykje! Veit ikkje korleis eg skal klare å vente eingong. Framover må eg berre finne på mykje å gjere slik at tida går fort.

Har du husdyr?

DONT BUG ME

Hei! Her er nokre bilete eg tok på ein liten skogstur tidlegare i juni.





Kva synes du om bileta?

EBAY BUYS

Ebay har alt mulig du kan tenke deg, og difor synes eg det er så artig å sjå på. Det er så rare og kule ting, og det kostar ingenting. For nokre veker sidan gjekk eg litt amok på ebay, og det endte med at eg bestilte heim 10(!) pakkar. Hahaha. Det var vel verdt det, for pakkar i posten med artig innhald, er alltid ein sikker vinnar. No har eg ikkje mottatt alt som er bestilt, men eg vil vise dokke så snart eg får det. I dag får vi nøye oss med ebaybileter ;) Men har har dokke jo også nokre tips til kva dokke kan kjøpe, dersom det er ønskeleg!



Skin Food Spot Patch (link). Lappar du legger over kviser om natta, så skal dei visstnok vere nesten borte neste morgon. Tida vil vise om dette fungerer, eg er noko skeptisk.

Vippeserum (link). Ein slags mascara slik at vippene skal bli lenger og vokse raskare. Likeins her, er eg litt skeptisk, men det er verdt eit forsøk!



Punktvipper (link) og Duolim (link) (den kvite sjølvsagt). Hugsar dokke dette (link) innlegget? Eg bestemte meg for å kjøpe tre pakkar punktvipper med ulik lengde, i tillegg til å teste ut den berømte "duolimen" som alle snakkar om.



Øyreproppforgreiner (link). Alltid lurt å ha med seg om ein er fleire på tur!

Øyredobbar som lyser i mørket (link). Desse måtte eg berre prøve. Det er kjempekult dersom det faktisk fungerer, men eg er no litt i tvil. Eg kjøpte dei stjerneforma.



Vasstett mobillomme (link). Når eg er på stranda eller raftar i elva, så er dette megalurt for å skåne mobilen. Då har eg moglegheita til å ta bileter ute på vatnet utan å vere bekymra.

Grøn leppestift (link). Det som er så artig med denne, er at den blir rosa når du tar den på leppene.


Levis shorts 501 (link). Koooor fin? Eg elskar den, og eg håpar den passar når eg får den! 

Kamerahette 52mm (link). Kor mange gonger har eg ikkje bestilt slike frå ebay? Det er så lett å misse dei. Heldigvis kostar dei ikkje store slanten.
 


Har du nokre gode tips til ebaykjøp?

 

Les mer i arkivet » Oktober 2016 » August 2016 » Juli 2016

bilde bilde bilde bilde
- FØLG MEG -



- DAGNY SUNDE - 1998 -

Trening, sosialisering, piano, fotografering

Kontakt:
dagny_selma@hotmail.com

Legg gjerne igjen ein kommentar, så tar eg ein tur innom din blogg!



LEGG MEG TIL SOM VENN!
























hits