#personligalmanakk

Hei! No skal eg tipse dokke om noko veldig lurt. Det er sikkert mange som har sett eller har dette frå før, men då er det kanskje på tide å bestille ei ny. For ei lita stund sidan bestilte eg personleg almanakk frå deira nettside. Du kan lage ditt eige design og bestemme størrelsen sjølv. Eg er kjempefornøgd med mi, og merkar at den kjem veldig godt med. Her kan eg skrive ned alt eg treng å hugse på. Eg hadde eigentleg alt eg skulle hugse, og alle planane mine på notater på telefonen, men ein kveld klarte eg med eit uhell å slette heile skiten. Veddar på at der var 2000 ord, så det var utruleg kjipt. No slepp eg det problemet, fordi planane er faktisk skreve ned med penn. Det digitale kan streike når som helst.


Her er framsida. Eg synes det var finast å ha eit nøytralt bilete på framsida. Dette er tatt ca kl06 på morgonen ei natt i sommar då eg absolutt ikkje fekk sove. Difor gjekk eg ut i hagen og såg mot himmelen heile natta. ahh, minner


Her er litt av innmaten. Eg har kvar dag fram til september 2017, årsoversikt for 2016, 2017 og 2018, sudoku, verdskart, linjer, ruter og blanke ark på slutten. Nede på kvar side er det "dagens trening" og ei prøveoversikt. Pennen kjøpte eg også, trur den kosta 40kr eller noko slikt.


Dette er første side. Her er ei plastlomme med mange klistermerker som eg også bestilte. Eg visste verkeleg ikkje kva eg skulle skrive innleiingsvis, så då skreiv eg heller eit dikt haha.


Linjal følger også med!


På baksida samla eg nokre kjekke og artige minner.

Har forresten kjøpt den største størrelsen, og det er eg veldig glad for. HER kan du lage di eiga og bestille!

Har du ei slik bok?

Korttenkt og dum

For om lag ei veke sidan bestemte eg meg, klokka 01 på natta, heilt aleine, for å farge håret mitt turkis. Kven gjer det? Eg synes i og for seg at fargen er fin, men no kjenner eg berre det såre saknet for det blonde håret. Det er nesten slik at eg vurderer å heilbleike det igjen.. Hahah, går det an å vere så korttenkt? Eg har også fått vippeextensions, og eg har så lyst å ha blondt hår samtidig som vippene. Inga logisk forklaring på kvifor. MEN, då må jo fargen forsvinne i løpet av to veker, slik at vippene ikkje fell av. Jajaja, alt vi skal no mødast med.






Slik var det før eg farga det :(((((

Blått eller blondt?

Comeback

Hei, alle saman! I dag er det nøyaktig éin månad sidan førre gong eg posta noko her. Den indre driven til å kome i gong igjen har liksom gøymt seg litt, og eg har rett og slett ikkje hatt lyst. Eigentleg så veit eg at eg syns det er kjekt å blogge, og kanskje eg får meir lyst no når skulen har starta igjen. Eg hadde i alle fall lyst i dag. Det som passar heilt ypparleg er at eg laga ein film i går, så vert det eit skikkelig comeback! Namnet på filmen er "No e det faen meg på tide å ta klesvasken"


Kva synes du om eit comeback, og ikkje minst filmen?

 

Les mer i arkivet » Oktober 2016 » August 2016 » Juli 2016

bilde bilde bilde bilde
- FØLG MEG -



- DAGNY SUNDE - 1998 -

Trening, sosialisering, piano, fotografering

Kontakt:
dagny_selma@hotmail.com

Legg gjerne igjen ein kommentar, så tar eg ein tur innom din blogg!



LEGG MEG TIL SOM VENN!
























hits