EIN SOMMARDAG I OKTOBER

Sjølv om temperaturen kanskje ikkje tillet det, så tok vi oss ein dag på stranda i går. Turbulens drog i to bilar til Refviksanden, og der grilla vi, snakka drit og spelte volleyball. Åå det var ein så fin dag! Då vi sette oss inn i bilane for å køyre heim att, oppdaga vi at den eine bilen hadde flatt batteri og den andre var nesten tom for bensin. Startkablar var ikkje å finne verken i våre bilar, eller i campingbilen ved sidan av. Det skjer seriøst alltid slike ting, hhahah. Heldigvis fekk vi hjelp av ein som budde der ute, så vi kom oss heim til slutt.








savna sommar;'(


Ingrid og Thea<3


Elisabeth og Mariel<3


Christianne, Kristina og Thea<3

Charlotte<3 (hadde ikkje bilete av ho, men følte ho også måtte få eit hjarte;))

Sminkerutine

Sånne innlegg synes eg eigentleg er kjempeoverflatisk og kleine og teite, men det gjorde morgonstellet litt artigare. Det her er mi vanlege kvardagsminke.


Til venstre har eg null sminke. Eg startar med ein grøn primer som korrigerar dei raude områda i ansiktet, og så ein kjempegod concealer frå benefit.


Deretter påfører eg med beautyblender min nye favorittfoundation<33 Den er frå bourjois og kostar seriøst berre 100kr eller noko slikt. Eg kjøpte den først i Barcelona, og no når vi var i Praha kjøpte eg to til, slik at eg har eit lager. På toppen av det heile brukar eg baremineral loose powder. Pudder er ikkje alltid eg gidd, mennnnn det gjorde eg i dag ;)))


For å gi ansiktet mitt litt meir djupnad, slik at det ikkje ser ut som eg er daud, brukar eg eit billig solpudder, veit ikkje kor det er frå eingong, mary-lou-mainzer frå the balm (<3) og den billigaste blushen eg fann på sephora. Her legg vi ikkje skjul på noko.


For my brows har eg dette flotte kitet som eg kjøpte i California i fjor. Merket er Lorac, og kitet heiter "take a brow". Det er eg ganske nøgd med.


For augeloka brukar eg ein kjempedyr primer frå too faced. Den einaste grunnen til at eg kjøpte den var at dama i kassa anbefalte den, og eg hadde ikkje samvit til å seie nei... Menmen, no rAgrets. Augenskuggane er også dei billigaste eg fann på sephora, men eg er blitt veldig glad i alle saman. Dei eg har nummerert var dei eg brukte, men det finst inga logisk forklaring på kvifor eg ga dei nummer.. ?jaja


No har jo alle vippeextensionane mine falle av, så då brukar eg dette velfungerande (ikkje ironi) vippserumet frå ebay (kina/korea elns), vippetang (som faktisk gir veldig stor effekt) og Better than sex mascaraen frå too faced, som lev opp til namnet sitt;)


Her er det ferdige resultatet. No vart eg jammen fin. Har forresten også tatt på nyx matte lip cream san paulo (som eg blogga om i førre innlegg).

NYX MATTE LIP CREAM

Hei! I dag har eg vore på skulen frå kl07:20 til 16:20. For en lang dag torsdag er! No kl19 skal eg på kino, så det blir kjekt:D Ellers i dag har eg ikkje gjort steikje støv. Særemnet skal også leverast i kveld, men der har eg ligge ganske langt frampå, så eg var ferdig med det i går. Eg synes eigentleg ikkje at særemne har vore noko herk. Snarare synes eg det faktisk har vore kjekt!

Det eg eigentleg skulle vise i dag, var mine favoritt matte leppestiftar. Eg har no forsåvidt berre prøvd denne òg då.. hehe, men eg synes den funkar fjell, og i tillegg er prisen veldig innafor. Nemleg NYX matte lip cream.




Her har eg blanda alle dei tre nedafor, men det er nok den mørkaste som syner best.






F.v.: Tokyo, Cairo og San Paulo
 

PASTEL PINK BOOTS







Førre veke var eg på klassetur til Praha, og då hadde vi ein liten stopp i Oslo før Kielferga. Vi fekk shoppa frå oss litt på dei timane, slik at vi var sikre på å bruke opp litt pengar før vi kom fram til Tsjekkia. Klasseturen var forresten veldig artig, og vi kom alle heim att med mange gode, og ikkje så gode, minner. Eg kan gjerne legge ut bilete frå turen. Eg trur også at eg skal vise fram alt eg kjøpte både i Oslo, Kiel og Praha. Desse skoa er kjøpte på DinSko, og kosta kun 399kr. Dei liknar litt på Timberlands, men sjølvsagt ikkje like god kvalitet. Same skoa var også i svart og kvit, men eg synes dei var litt meir spesielle og kule i rosa. No når vinteren kjem er det deilig å ha nokre sko som varmar litt meir enn joggesko.

EIN UVENTA GJEST - VIDEO!!!!

Hei, og god morgon godtfolk! Denne videoen er produsert av meg, Daniel, Kristina og Ingrid. Det var eit skuleprosjekt i MIK2. Eg trur eg kan snakke for alle når eg seier at filmen vart mykje betre enn forventa. Så kan folk tolke det slik dei vil;)
 
 
Kva synes du om filmen?

FISHING FOR SOME CRABS

Første søndag i oktober har gått til krabbefiske i strålande veir. Den største grunnen til at eg slengte meg med, var kanskje at eg visste at særemne låg og venta på meg, men det var utruleg kjekt. Denne gongen køyrte eg faktisk bilen heile vegen til båten (litt under ein time), og eg må innrømme at eg føler eg begynner å få teken på bilkøyring. I tillegg synes eg også det er begynt å bli kjekt, så no nærmar eg meg eit mogleg førarkort med stormskritt. Vi fekk over 100 krabbar, ca 7 lyrefiskar og ein fugl. Fuglen hadde sikkert stupt ned i garnet for å få tak i fisken, og så har den sete seg fast. Det var jo litt sørgjeleg, men slik er det.


Her dreg dei i land den første krabbeteina




Meg og tanta


Krabsters


:(










Vi måtte berre kaste den ut igjen på sjøen

Har du vore på krabbefiske før?

KULT ANTREKK









Long Sleeve/ BERSHKA

Black Marble Earstuds/ BIKBOK

Sunglasses/ Marché dans la France

Denim Jacket/ BIKBOK

Skinny Jeans/ GINA TRICOT

Shoes/ NIKE AIR MAX THEA

Les mer i arkivet » November 2016 » Oktober 2016 » August 2016

bilde bilde bilde bilde
- FØLG MEG -



- DAGNY SUNDE - 1998 -

Trening, sosialisering, piano, fotografering

Kontakt:
dagny_selma@hotmail.com

Legg gjerne igjen ein kommentar, så tar eg ein tur innom din blogg!



LEGG MEG TIL SOM VENN!
























hits