EIN UVENTA GJEST - VIDEO!!!!

Hei, og god morgon godtfolk! Denne videoen er produsert av meg, Daniel, Kristina og Ingrid. Det var eit skuleprosjekt i MIK2. Eg trur eg kan snakke for alle når eg seier at filmen vart mykje betre enn forventa. Så kan folk tolke det slik dei vil;)
 
 
Kva synes du om filmen?

Comeback

Hei, alle saman! I dag er det nøyaktig éin månad sidan førre gong eg posta noko her. Den indre driven til å kome i gong igjen har liksom gøymt seg litt, og eg har rett og slett ikkje hatt lyst. Eigentleg så veit eg at eg syns det er kjekt å blogge, og kanskje eg får meir lyst no når skulen har starta igjen. Eg hadde i alle fall lyst i dag. Det som passar heilt ypparleg er at eg laga ein film i går, så vert det eit skikkelig comeback! Namnet på filmen er "No e det faen meg på tide å ta klesvasken"


Kva synes du om eit comeback, og ikkje minst filmen?

 

TRANSPARENT FLARE - VIDEO

For nokre dagar sidan laga eg ein liten film om broren min, Eilif! Eg må ærleg innrømme at eg såg filmen føre meg litt betre enn eg klarte å lage han. Øving gjer meister, seier berre eg. I løpet av sommaren har eg lyst å lage fleire slike småfilmar, og eg er godt i gang med nummer 2!

Kva synes du?

DEN NYE STORE FOTBALLSTJERNA - VIDEO

Eg og Elisabeth har som sagt laga litt filmar i det siste, og den trenden må vi sjølvsagt halde i live. I dag møter dokke ein ung gut med eit stort talent og ein stor draum.
Qk-zKiE8u10

Kva synes du om filmen?

HEIMELAGA KOMEDIE

Heisann! Atter ein gong er Dagny og Elisabeth ute med ny film. Denne gongen har vi satsa på komedie. Vi håper du liker den!

Ellers har eg gjort ganske mykje kjekt det siste døgnet; klokka halv åtte var eg og Charlotte komne opp på vårsetra med liggeunderland og sovepose. Etter ein god time kom Ingvild med sin sovepose, og vi tre satt lenge oppei skogen og ropte etter ulike dyresortar. Teltet kom saman med Elisabeth kl halv ti. Då var vi ganske kalde, men etter ein 15-minutters sette-opp-teltet-session, vart vi litt varmare. Vi sov fire stk i eit telt som er tileigna to. Eg trur eg aldri i heile mitt liv har sove så trangt, det gjekk seriøst ikkje an å snu seg. Det var kjekt likevel, og bydde ikkje på så store problem eigentleg. Det er meldt knallveir heile denne veka, så eg gler meg til kva vi skal finne på!

Kva synes du om filmen?

SJEKK UT VÅR NYE RAP

God morgon! Denne helga skulle eg setje av til eksamenslesing, og førebu meg skikkelig til morgondagen. Det einaste eg har gjort heile førebuingstida, er å lese eit lite teaterstykke på fransk. Franskeksamen er i morgon, men eg føler ikkje at eg tar det seriøst. Kvar er nervane? Og eg veit heller ikkje heilt korleis eg kan førebu meg. I stadenfor å øve, produserte eg og Elisabeth heile TRE filmar i går. Den eine skal de få sjå no. Det er ein rapsong vi har laga med melodien til vanilla ice. Vi er eigentleg kjempefornøgde, om vi får vere ærlege, hahah. NB! Ditta er noko vi gjer berre fordi det er morosamt. Vi trur ikkje at den faktisk er bra hahaha.

Dei to andre filmane kjem i løpet av neste veke.

Kva synes du om songen vår?

NY VIDEO

Hei! No har vi laga ein ny video. Det var eit prosjekt vi hadde i norsk. Eg, Benedicte og Joachim skulle lage eit forfatterportrett, og då valgte vi Henrik Wergeland.

G8jZlN8AECc

Kva synes du?

EKSPEDISJONEN - VIDEO

Nok ein film skapt av meg og mine vener. Her møter du fire deltakarar i ein trailer til ein robinson-liknande realityserie. Kva synes du om filmen?

VI VANN PUBLIKUMSPRISEN!!!

Good kveld!

Mange har sikkert fått med seg dette allereie, men eg må likevel fortelle det. Dokke hugsar kanskje at eg skreiv om filmen vår "Fryktfaktor" som var nominert til publikumsprisen hjå Sogndal filmfestival (link til innlegget her). Vel, vi drog på gallakvelden der kåringa skulle skje i går, og gjett kven som gjekk ut med den gjevaste prisen med ein premie på 8000kr? Herregud, det hadde vi aldri i verda forventa! Eg måtte lage ein liten slags videoblogg av Sogndalturen vår, så lykkerusen ser dokke meir av i filmen under. HER (fjordabladet) og HER (nrk sogn og fjordane) er det skreve litt om då vi fekk prisen! Dersom du vil sjå "Fryktfaktor" éin gong til, finn du den HER.

Sorry for sein oppdatering, men eg har altså gjort så mykje idag! Vi vakna i Sogndal og tok buss heim, så drog vi på café og åt frukost. Deretter var eg heime litt og fiksa meg, samtidig som eg byrja å redigere litt på filmen frå turen. Plutseleg fekk eg innkalling til å kome på skulen. Medielæraren vår var så stolt fordi vi vann publikumsprisen at alle vi fire fekk gratis kanelbolle frå kantina! Så var det rett til økonomitime, og vidare heim for å pakke. Pappa kom og henta meg, og vi drog til onkelen min der eg trente litt vekter. Så gjekk eg opp til bestemor og bestefar. No sit eg i sofaen hos pappa, og etter tre timar redigering er eg endeleg ferdig med filmen frå turen til Sogndal.

HER ER VLOG FRÅ DEN UTROLIGE REISEN TIL SOGNDAL:


Kva synes du om filmen?

VIDEO - Idol og Oslo

Her har eg smelt i hop nokre klipp frå Osloturen, så no må dokke berre finne fram popcornet og slenge dokke i godstolen!

Likte du filmen?

Havreblåbærpannekaker - VIDEO

Heii! God morgon! Eller god dag, kanskje. I dag tidleg vakna eg klokka 10 inne i stova. Eg hadde sovna før eg rakk å legge meg i går, haha. I dag har eg noko litt artig å vise dokke her. Eg har nemleg laga ein liten frukostvideo. Framover vil eg lage fleire slike videoar der eg viser korleis eg lagar mine favorittfrukostar. Havrepannekaker med blåbær vart det i dag. Det er så utruleg godt!

Kva synes du? Skal eg lage fleire slike?

Kortfilm!

Som eg nemnde tidlegare i veka, hadde vi internasjonal dag. Eg hadde eit oppdrag om å lage ein liten film der eg viste fram den internasjonale maten som vart laga. Her er i alle fall resultatet! Maten var forresten veldig god :)

Kva synes du om filmen?

FRANK's film

Franskfilm!

Året 2015 - VIDEO

Heisann, og god morgon! Då eg dreiv og las bloggar her om dagen, kom eg over ein video som leaduvet hadde lagt ut. Ho hadde sett saman mobilklipp frå 2015 i ein artig liten video, og det fekk eg også lyst å prøve. Eg fann raskt ut at aldri filmar! Hahah, det var så få videoar på mobilen min, men eg lagde uansett. Som de ser har eg supplert med nokre minnerike bilete i tillegg!

Kva synes du om filmen? Kva er ditt favorittminne frå 2015?

Fryktfaktor - FILM

Tidlegare i haust laga vi ein film i mediefaget. Etter request frå vår sakna Ingrid i Texas, så skal eg legge den ut her slik at ho, og andre, får sjå den! Vi som har laga filmen er meg, Thea, Charlotte og Mariel. 

St. Jean de Luz - FILM

Hei! No kjem filmen frå Saint Jean De Luz. Eg veit det er kjempeseint, men det har vore så mange andre filmar i det siste. Den er ikkje sånn superbra, menmen:D

næfæsjen frå stryn

OMKALFATRAREN - skrekkfilm

No skal dokke endeleg få sjå den skrekkelege skrekkfilmen eg snakka om forleden dag. Den eg og Elisabeth laga på søndag. Det er ein trailer, men det kjem neppe ut nokon spelefilm :pp

Kva synes du?

innkjøpsvideo

heeeehe

Typisk Vestlandet - FILM

Den søndagen vi var og grilla lagde vi denne informative videoen. Kos dykk!

Kva er det beste med Vestlandet?

ROOM TOUR - video

No har eg endeleg tatt meg tida til å gjere noko eg har hatt lyst til i snart to år; nemleg ein room tour. Hahah, det tok liksom berre ti minutt å filme, kvifor har eg ikkje gjennomført det tidlgegare? Jaja, no er det i alle fall gjort. Eg er faktisk ganske fornøgd med rommet mitt for tida, berre at eg har litt mange ting. Slike filmar har eg jo ikkje laga så veldig mange av, så kor bra og slikt det vart, gjenstår å sjå. Håpar iallfall at det var noko bra der, haha!

Kva synes du om videoen min?

VIDEO - julestemning



Eit lite tips for å få alt på plass til den perfekte julekvelden!

Kva synes du?

VIDEO! Franskfilmen er ute



I rollene:
Marie Curie - Meg
Coco Chanel - Thea
Edith Piaf - Ingrid
Servitøren - Ingvild

Det var kjempekjekt å filme denne! Det er faktisk alltid kjempekjekt å filme. Eg får heile tida idear til videoar eg kan lage, men eg får nesten nesten aldri ut desse tankane og ned til eit produkt. Det er ganske dumt, men tida strekk ikkje så godt til, spesielt fordi det er så mørkt for tida. Noko eg trur kan vere lurt, og til hjelp, er å skrive ned kvar gong eg får ein idé til video. Om eg lagar eit manus vert det mykje lettare å gjennomføre det, for då har vi noko å gå etter. Det skal eg bli flinkare til å gjere! Då vert det kanskje fleire videoar her òg!

Uansett, kva synes du om filmen? :)

Må berre nevne at vi fekk god filmehjelp og assistanse av Hanna! Oi! No kom eg plutseleg på at vi gløymde å legge til startklippet (hollywoodtingen). Viss du ser dette, Hanna: Beklagar så meget, det kokte vekk i kålen :( Vi får ta det med på neste film!

VIDEO - corsica 2014



Vi kom heim frå turen ca kl.19 i går, og frå kl.20 til 02.00 satt eg og redigerte denne videoen. Det var ikkje plass på dataen til å redigere videoen, men det skjønte jo ikkje eg før lenge etter eg hadde vore kjempeirritert for at det ikkje gjekk. Og så var det noko med manglande mediefiler, og det fekk eg ikkje til, så det er nokon klipp og to selfia med fremmede som fall vekk.

Kva synes du?

Les mer i arkivet » Oktober 2016 » August 2016 » Juli 2016

bilde bilde bilde bilde
- FØLG MEG -



- DAGNY SUNDE - 1998 -

Trening, sosialisering, piano, fotografering

Kontakt:
dagny_selma@hotmail.com

Legg gjerne igjen ein kommentar, så tar eg ein tur innom din blogg!



LEGG MEG TIL SOM VENN!
























hits